Huset til 1,2 millionar kroner har stått tomt i to år medan arvingane har krangla og advokatar har skrive brev.
Familien vil ha heile huset, medan Kreftforeningen har kravd halvparten. To motstridande testament starta striden.
Bygde hus til nevø
Som enkemann flytta Arnfinn Hegrenes frå Oslo til Askvoll. Ny heim vart reist der han vaks opp, på garden til nevø og næraste slektning.
- Onkel sa at vi skulle ta over huset. Det skreiv han også i testamentet, seier Karl Hegrenes.
Vart overraska
Ekteparet vart overraska då det dukka opp eit eldre og ukjent testament. Det var skrive 16 år tidlegare, då tanta var i live. Før ho døydde av kreft, var dei blitt samde om å gje halvparten av arva til Kreftforeningen. Difor kunne ikkje han seinere gje også hennar arv til slektningar. Det var det eldste dokumentet som var gyldig.
Onkelen kan ha vore usikker på arvereglane. For han skreiv nytt testament utan å ta omsyn til det første.
Den siste vilje
Det er ikke uvanleg at etterletne må dele arva med ei god sak, og at det oppstår strid. Slektningar som kjende den avlidne argumenterer med kva som eigentleg var den siste vilje. Frivillige organisasjonar svarar at det berre er den siste vilje som er skriven og signert, som gjeld. Dermed oppstår uforsonleg konfliktar som kan ende i retten.
- Vi må halde oss til testators vilje, seier Ole Alexander Opdalshei, avdelingssjef i Kreftforeningen. Han fryktar at folk vil slutte å testamentere verdiane sine til gode føremål, dersom det rokkar ved instruksane som er gjevne i testamenta.
-Vi har strokke oss langt i denne saka, seier Opdalshei. Kreftforeningen godtok mellom anna ein ny takst på huset.
Stridens kjerne.
Foto: NRKAvviste kompromiss
Ekteparet i Askvoll føreslo eit kompromiss: Dei beheld huset, medan Kreftforeningen får sparekontoen til avlidne på 600.000 kroner. Organisasjonen avviste dette, og kravde halvparten av heile arva. Hegrenes gav seg i arvestriden etter klare råd frå advokat.
– Dette handlar ikkje om juss, men om moral. Eg hadde aldri trudd ein veldedig organisasjon ville gå så langt for å krevje pengar, sier Karl Hegrenes. Han tok opp eit lån på 300.000 kroner og kjøpte ut Kreftforeningen, og får no skjøtet på huset. Det blir hans arv til barn og barnebarn.
Gullgruve
Nordmenn sit på ei gullgruve av verdiar. Aldri før har så mange eldre menneske hatt så store formuar, som dei gjev til ei god sak. Tal NRK har henta inn, viser at testamentariske gåver til gode føremål har teke heilt av. Millionane strøymer inn som aldri før til organisasjoner som Leger Uten Grenser, Frelsesarmeen og Det Norske Misjonsselskap.
Øvst på arvetoppen tronar Kreftforeningen, som i fjor fekk inn nær 100 millionar kroner - ei tredobling på få år.
Konkurransedyktig
– Vi må være konkurransedyktig på arv, sier Opdalshei. No vurderer Kreftforeningen å
.Advokat og ekspert på arv, Randi Birgitte Bull, har handsama mange uforsonlege arvesaker. Konfliktar oppstår fordi den som skriv testamentet held innhaldet hemmeleg for familien. Det er tabu å snakke om arv og pengar i mange familiar. Då blir det gjerne krangel i flere år etterpå om fordeling av arva.
LES OGSÅ:
- Snakk om arv. Då kan ein unngå mange konfliktar, seier Bull.
Programmet gjekk onsdag kveld i
på NRK1.