No er han dømd til 150 timars samfunnsteneste, og må betale 255.000 kroner i erstatning.
I avhøyr hjå politiet fortalde mannen i 20-åra at han var bitter på skulen etter tida då han var elev der - og at det er noko av bakgrunnen for at han tok seg inn på Øyrane vidaregåande 11 gonger i perioden frå våren 2002 til hausten 2004. I dommen vart sju av desse nattlege besøka klassifisert som grove tjuveri, to som innbrot og to som skadeverk.
Data, bollar og brus
Spesielt frå sommaren 2003 og halvanna år framover var den tidlegare eleven så ofte innom skulen på nattestid, at tjuveria og alt skadeverket dei medførte gjekk ut over undervisninga på Øyrane.
Prosjektorar, datautstyr og anna undervisningsmateriell var blant tinga som vart stolne. Tjuven forsynte seg også fleire gonger med mindre pengesummar, vin og matvarer. Marsipan, bollar og brus er nemnt i dommen frå Fjordane tingrett.
Tilstod
Mannen tilstod til saman 13 straffbare forhold utan atterhald, og det er noko av folkaringa på at retten let han sleppe med 150 timar samfunnsteneste. Om han ikkje oppfyller samfunnstenesta må han sona fem månader i fengsel.
Han må også betale ei stor erstatning på til saman 255 000 kroner - hovudsakleg til fylkeskommunen, som eig Øyrane vidaregåande skule.