Hopp til innhold

Mann varetektsfengsla etter at Renate (42) døde

Familien er i djup sorg og sjokk etter tapet av Renate Strand Normann (42) på Varaldsøy i Sunnhordland.

Renate Strand Normann under 17. mai-feiring på Husnes i 2012.

DØYDDE: Renate Strand Normann lèt etter seg seg ein vaksen son. Her frå 17. mai-feiringa på Husnes i Kvinnherad i 2012.

Foto: Privat

– Familien er i djup sorg, seier bistandsadvokaten deira, Bjarte Aarlie til NRK.

Han var alt fredag føremiddag i samtale med den vaksne sonen til den avdøde kvinna. Då hadde den næraste familien samla seg i sorga.

– Det var som han ikkje heilt kunne forstå kva som hadde skjedd, seier Aarlie.

Politiet har i samtykke med familien tatt avgjerd om å gå ut med identiteten til avlidne. Renate Strand Normann blei 42 år, og var busett på Varaldsøy i Kvinnherad.

Politiet trur dei har funne drapsvåpenet

Ein mann i slutten av 40-åra er varetektsfengsla for drapet på kvinna, med brev og besøksforbod. Avgjerda i Bergen tingrett var i tråd med påtalemakta si oppmoding.

Politiet har beslaglagt ein gjenstand som ein antar kan vere drapsvåpenet.

Gjenstanden vart funne utandørs i nærleiken av åstaden. Den vil bli undersøkt av kriminalteknikarar og sikra materiale vil bli sendt til analyse.

Politiet vil førebels ikkje gi fleire detaljar om det antekne drapsvåpenet.

Mannen nektar straffskuld, men har innrømma at han var i nærleiken av ho dei siste minutta før ho døydde.

– Han har gitt ei forklaring til politiet om hans oppfatning av kva som har skjedd, seier forsvarar Jørgen Riple.

Normann budde for seg sjølv på Varaldsøy dei siste åra. Ho kjem opphavleg frå ei anna bygd i Kvinnherad kommune.

Den sikta mannen er tilflyttar og har budd i Sunnhordland sidan 2015. Dei siste åra budde han på Varaldsøy.

STOR ØY: Varaldsøy ligg i Kvinnherad kommune, langt vest i Hardangerfjorden.

– Livsglad kvinne

NRK har vore i kontakt med fleire av dei som kjende kvinna. Ho blir av alle skildra som ei livsglad kvinne.

– Ho treivst med å bu på Varaldsøy, blir det fortalt til NRK.

Kvinna hadde eit stort kontaktnett og mange fekk sjokk då nyheita blei kjend utover fredagen.

Den sikta i saka bur rett ved staden der kvinna blei funnen. Politiet har i heile dag gjort ei rekke tekniske undersøkingar i nærområdet.

Åtvarar mot ryktespreiing

Lokale bygdefolk blei oppmoda om å samle seg på grendehuset dersom dei hadde behov for å snakke om hendinga.

– Det var godt å snakkast i lag og få litt avklaringar om det som har skjedd, seier ordførar Hans Inge Myrvold (Sp).

Han ber dei innbyggjarane som har opplysingar om å gå til politiet med dei. Til lokalavisa Kvinnheringen åtvarar han innbyggjarane i det vesle samfunnet mot ryktespreiing.

– No gjeld det å trygga kvarandre og ikkje skapa historieforteljingar, men lata politiet sin objektive vurdering til hendinga ligga til grunn, seier Myrvold til NRK.

Krimteknikere undersøker åsted Varaldsøy drap

FUNNSTADEN: Kvinna blei funnen av ein tilfeldig forbipasserande på denne vegen sør på Varaldsøy.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Funnen av turgåar

Politiet stadfesta i ettermiddag at det var ein forbipasserande som fann kvinna i vegbana torsdag kveld.

Brannvesenet fekk melding om ein livlaus person klokka 20.05, og var dei første på staden. Men først klokka 20.40 varsla AMK politiet om hendinga, skriv Aftenposten. I mellomtida hadde ein luftambulanse kome til øya.

Ifølge BT heldt brannfolka oppsyn med den no sikta mannen til politiet kom fram.

– Me ville ikkje at han skulle gå i sjokk. Me var opptekne av hans helse òg, seier brannmeister Garry Svindland på Varaldsøy.

– Krevjande

Tilsette i det lokale brann- og redningstroppen forsøkte livreddande innsats før kvinna vart erklært død på staden.

– I slike situasjonar er det spesielt krevjande for brann- og redningstroppen. Kommunen har hatt tett kontakt med den dyktige staben i dag, og ønskjer no å vareta dei som menneske, seier ordførar Myrvold.

Kvinna blei forsøkt gjenoppliva, men blei til slutt erklært død på staden.

NRK rettar: I dei tidlegare versjonane av denne saka blei bistandsadvokaten feilaktig namngjeven som Bjarte Aaslie. Det er no retta til Bjarte Aarlie.