Hopp til innhold

Bistandsadvokat etter Nav-drapet: – Nav burde beklage offentleg, for det har dei aldri gjort

Den fatale dagen var kontoret ommøblert. Skada Nav-tilsett meiner plasseringa av eit bord gjorde det vanskelegare for den drepne å sleppe unna.

Nav-samtalerom på Årstad i Bergen

KRITISERER UTFORMINGA: Nav-tilsett som blei skadd under knivangrepet på Nav Årstad i Bergen, er kritisk til bordplasseringa i samtalerommet.

Foto: Politiet

Ein mann (40) er tiltalt for drap og drapsforsøk etter å ha gått til knivangrep mot avdelingsleiar Marianne Amundsen (57) og saksbehandlar Ida Aulin (30) på Nav Årstad i september i fjor.

Amundsen vart drepen, medan Aulin overlevde tre knivstikk.

– Kniven kom veldig raskt fram. Og blikket hans var iskaldt. Det mørkaste eg har sett. Så skjedde ting veldig fort, sa Aulin i sin sterke forklaring til Hordaland tingrett måndag.

Aktor May-Britt Erstad fortalde tingretten at knivangrepet inne på samtalerommet vart i under eit halv minutt. På 29 sekund hadde den tiltalte 40-åringen råka dei to kvinnene med 50 knivstikk.

Tiltalte og advokat Morten Grimstad i rettssaken etter Nav-angrepet

TILTALT: Tiltalte i Nav-saka i Hordaland tingrett måndag. Han er tiltalt for drap og grov kroppsskade.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Hadde kanskje fått ein sjanse til å komme seg ut

Tryggleiken til dei tilsette har vore særleg i fokus etter drapet på Nav-kontoret på Årstad i Bergen.

I helga gjentok broren til Amundsen at dei etterlatne vurderer søksmål mot Nav som følgje av at tryggleiken ikkje var godt nok vareteken på kontoret drapsdagen.

Og under rettssaka måndag kom det fram at samtalerommet på Nav Årstad, hadde ei anna møblering enn det pleidde då drapet og drapsforsøket skjedde:

I et slikt møterom satt den tiltalte mannen i møte med de to Nav-ansatte.

Tiltalte satt til venstre i møterommet.

Marianne Amundsen satt lengst fra døren, mens Ida Aulin satt i den blå kontorstolen nærmest døren.

Ifølge Aulin pleide bordet sto mellom de to dørene, slik at de Nav-ansatte satt rett ved døren.

Visualisering: Anders Nøkling

For tidlegare stod bordet mellom dei to dørene og ikkje inntil vindauga i den andre enden av rommet. Dette var eit enkelt tryggingstiltak for dei tilsette, fordi brukaren går inn og ut døra til venstre medan dei tilsette brukar døra til høgre.

– Akkurat denne dagen hadde det ingen hensikt. Det var ikkje til hjelp for oss, forklarte Aulin då bistandsadvokaten hennar spurte om utforminga av rommet.

– Har du tenkt over korleis desse 29 sekunda ville vore, om bordet faktisk sto mellom dørene?, spurte bistandsadvokat May Britt Løvik.

– Det ville vore betydeleg vanskelegare for brukaren å gå til angrep. Og då hadde Marianne kanskje fått ein sjanse til å komme seg ut. Men ho blei fanga inne i rommet, sa 30-åringen fortvila i retten.

Kommunaldirektør i Bergen kommune, Tommy Johansen, sat i rettssalen og høyrde på sine tilsettes forklaring.

Han er usamd i kritikken. På vegner av Nav, svarar han i ein e-post:

– Slik vi ser det nå er bordets plassering i det aktuelle samtalerommet ikkje i strid med Navs minimumsstandard for sikring av Nav-kontor.

Johansen skriv vidare at Nav forventar at spørsmål knytt til forholda i det aktuelle rommet vil bli ytterlegare belyst i løpet av rettssaka.

Vitneboksen under rettssaken etter Nav-angrepet

VITNEBOKS: Den fornærma kvinna forklarte seg frå vitneboksen måndag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Krev orsaking frå Nav

Løvik bad retten om å protokollføre svaret frå kvinna som overlevde angrepet.

Til NRK seier bistandsadvokaten at retten i dag fekk høyre at Nav-angrepet kunne fått eit anna utfall, om eit enkelt skrivebord var plassert der det eigentleg skulle i rommet.

– Litt av grunnen til at vi tek opp dette er både for å setje fokus på realiteten i rommet der drapet skjedde, men også fordi vi meiner Nav burde beklaga arbeidsforholda denne dagen. Det har dei aldri gjort, seier Løvik til NRK.

– Vi har tatt det opp med Nav-leiinga gjentekne gonger, at dette rommet denne dagen ikkje var slik det var meint å vere.

– Har du og dei etterlatne fått svar på kvifor møbleringa var endra?

– Nei, det har vi ikkje fått tydeleg svar på. Men eg opplever ikkje at Nav tok ei ny tryggleiksvurdering av dette rommet etter at det var ommøblert.

May Britt Løvik i Hordaland tingrett

BISTANDSADVOKAT: May Britt Løvik er bistandsadvokat i saka. Ho meiner Nav burde beklaga arbeidsforholda denne dagen.

Foto: Jon Bolstad / NRK