Hopp til innhold

Biskopen vedgjekk tabbe på kick-off

Biskop Halvor Nordhaug hadde eitt godt råd til sin etterfølgjar då han opna Kystpilegrimsleia på Selja.

Kystpilegrimsleia i Selje

RÅD: Biskop Halvor Nordhaug tykte det var ei flott markering av prosjektstarten for Kystpilegrimsleia.

Foto: Tor Arne Aasen / Samferdselsfoto

I talen erkjende biskop Halvor Nordhaug å ha gjort ein stor tabbe då han vart tilsett som biskop i Bjørgvin for fem år sidan:

– Eg reiste ikkje pilegrim til Selja med det same. Det tok eit par år, men eg burde gjort det mykje før. Difor gir eg min etterfølgjar eitt godt råd: Det første du må gjere når du blir biskop, er å reise pilegrim hit, seier Nordhaug.

– Ei god lansering

Og det var nettopp det mange gjorde då starten på prosjektet Kystpilegrimsleia vart markert laurdag. Riksantikvaren, fylkeskommunen, råka kommunar, kyrkja, kulturfolk og næringslivsfolk hadde alle funne vegen til Selja. Om bord på det tidlegare hurtigruteskipet Nordstjernen kom 50–60 kystpilegrimar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kystpilegrimsleia i Selje

MYKJE FOLK: Gjennom prosjektet Kystpilegrimsleia skal pilegrimane si lei frå Stavanger til Trondheim både kartleggast, systematiserast og gjerast tilgjengeleg for fleire å følgje.

Foto: Tor Arne Aasen / Samferdselsfoto

Målet er å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilegrimar, basert på den gamle hovudfartsåra for pilegrimar til Nidaros.

Kystpilegrimsleia i Selje

FRAMKOMST: Følgjet på veg langs kysten kjem til Selja.

Foto: Tor Arne Aasen / Samferdselsfoto

– Prosjektet handlar om å skape eit reiselivsprodukt som er forankra i verdien til kyrkja og kulturminnevern. Samla skal vi skap ein moglegheit for å reise frå Rogaland til Sør-Trøndelag, seier prosjektleiar Anette Christiansen.

Nøgd biskop

Gjennom prosjektet håpar dei å få pilegrimsleia frå Rogaland til Trondheim opp å gå. Om tre år vil dei vere ein del av den nasjonale satsinga innan den nasjonale pilegrimssenter.

Biskop Nordhaug var godt nøgd med seremonien laurdag.

– Det var ein veldig god måte å lansere prosjektet på. Det var mykje folk, vi hadde vêret på vår side og det var akkurat passeleg varmt. Men så er også dette ein stad som alltid fyller folk. Om du trur på Gud eller ikkje, så må du bli stemd til andakt og høgtid ved å vere her, seier Nordhaug.

Naturleg stad å markere

Kystpilegrimsleia i Selje

PILEGRIMAR: Frå gamalt av la pilegrimane til Nidaros sin veg innom Selja.

Foto: Tor Arne Aasen / Samferdselsfoto

Prosjektet er finansiert av Riksantikvaren og fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Kyrkja medverkar med både kompetanse og menneskelege ressursar.

Riksantikvar Jørn Holme seier det var naturleg å leggje markeringa til Selja, øya der biskopen var for 950 år sidan og som hadde kloster i mellomalderen.

– Selja har si eiga pilegrimshistorie. Sunniva var nok den som indirekte kristna heile Vestlandet, ikkje Heilage Olav, men når pilegrimane kom sørfrå så måtte dei innom denne mytiske staden. Selja var ein svært viktig stad, seier han.

Fleire besøkande

No er arbeidet med å kartleggje og å systematisere pilegrimsleia i gang.

– Vi håpar ei slik lei ikkje berre blir ei lei for pilegrimar knytt til olsok i Trondheim, men kan bli ei opplevingsreise gjennom det historiske kystlandskap i Norge og besøke stader som var viktige i mellomalderen, seier Holme.

– Det er viktig å vite kven vi er, kven vi var og kven vi bør vere i framtida, legg riksantikvaren til.

Vil tidoble besøket

Holme både håpar og trur at prosjektet kan vere eit grunnlag for næringsutvikling og meir besøk langs kysten.

– Det som overraskar meg er at det berre er 5.000 besøkande. Eg har sagt at eg ikkje går av som riksantikvar før eg har fått 50.000 besøkande til Selja, seier han og avsluttar.

– Det er det mest mytiske staden eit menneske kan oppleve i Norge. Med klostertårnet, trappa, hola og historia om Sunniva som vart funne og som låg i skrinet i 100 år før ho vart flytta til Bergen.

Kystpilegrimsleia i Selje
Foto: Tor Arne Aasen / Samferdselsfoto