Hopp til innhold

Biskopen i Bjørgvin får støtte

Biskop Halvor Nordhaug meinte presten i Lærdal var illojal då ho valde å leve som sambuar. No får han støtte hjå fleire kristne.

Biskop Halvor Nordhaug

STØTTE: Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme får støtte frå fleire som meiner han er medviten forvaltaransvaret sitt.

Sokneprest Helene Langeland i Lærdal er skilt og fekk for ei tid attende ny sambuar. Då fekk ho eit brev frå biskopen i Bjørgvin der ho vart kalla illojal.

Det har vakt reaksjonar. Biskop Halvor Nordhaug har fått kritikk av teologiprofessor Svein Åge Christoffersen, og bygdefolket i Lærdal har samla seg kring presten sin.

Helene Langeland og brevet frå biskopen

SAMBUAR: Sokneprest Helene Langeland lever i sambuarskap.

Men no får biskopen også støtte. Norsk Luthersk Misjonssamband er mellom dei som er samde med biskopen i denne saka.

– Misjonssambandet er samde med biskopen om at ein prest ikkje bør leve i sambuarskap. Det er ei forventing om at personar i leiarroller og i verv ikkje lever i sambuarskap, seier Nils Helge Friborg, leiar for Norsk Luthersk Misjonssamband i Fjordane.

– Bakgrunnen for synet om sambuarskap handlar om korleis vi les Bibelen. Sagt litt flåsete, så har Gud sagt at ein skal binde seg saman fordi at ein ikkje skal hoppe frå person til person. Og ekteskapet hjelper mot det, seier Friborg.

Samde også i Sogn

Kai Lille-Homb er leiar i Indremisjonsforbundet i Sogn og Fjordane. Han meiner at det ikkje er rart at biskopen får kritikk frå enkelte utanfor kyrkja, og seier at dei støttar biskopen.

– Etter kvart har samfunnet utvikla seg slik at sambuarskap er normalt. Men biskopen må halde seg til Bibelen sin bodskap, og der er det rimeleg klart at skal du leve saman så er det som mann og kvinne og i eit forpliktande forhold, seier Kai Lille-Homb.

Han meiner at sjølv om dette har endra seg i samfunnet i dag, så tek ikkje det vekk kva Bibelen seier.

– Biskopen har sagt at slik bør det vere ut ifrå at vi står som forvaltarar av kristendomen, og det synest eg er heilt på sin plass, seier Lille-Homb.

Leiaren for misjonssambandet seier dette viser at biskopen er medviten sitt forvaltaransvar.

– I bibelen er det lagt opp til at ein skal ha eit forpliktande forhold mellom mann og kvinne og at det skal vere livslangt. At samfunnet i dag er slik at halvparten av ekteskapa ryk, kan ikkje ta frå biskopen ansvaret i å forvalte det Bibelen seier.

Forståeleg

Det er heilt forståeleg at biskopen gjer som han gjer, meiner Lille-Homb.

– Vi veit at samfunnsutviklinga er heilt annleis. Men biskopen skal forvalte dette innan kyrkja si lære, og då er det naturleg å peike på at dei som skal vere forvaltarar innan kyrkja må følge det Bibelen står for.

– Og så vil jo det i stride imot slik samfunnet har utvikla seg og dei normene som har kome. Men det kan ikkje ta frå biskopen ansvaret for å seie Bibelen sin bodskap, meiner Kai Lille-Homb.