Hopp til innhold

Biskopen i Bjørgvin får krass kritikk

Biskopen i Bjørgvin refsa ein kvinneleg prest for at ho ikkje er gift. No får biskopen sjølv kritikk av ein teologiprofessor.

Biskop Halvor Nordhaug

FÅR KRITIKK: Biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug, får krass kritikk av professor i teologi Svein Åge Christoffersen.

Foto: Presse

– Eg tykkjer det er veldig respektlaust av biskopen å blande seg inn i privatlivet til denne presten. Det seier professor i teologi ved Universitetet i Oslo Svein Åge Christoffersen.

I eit skriftleg brev til presten Helene Langeland fortel biskopen i Bjørgvin Halvor Nordhaug at kyrkja ikkje kan støtte den samlivsforma ho har valt. Langeland er nemleg sambuar med ein mann som ho ikkje er gift med.

– Dersom prestar er sambuarar bør dei helst ta permisjon ifrå jobben sin, sa biskop Nordhaug til NRK i førre veke.

Heilt ueinig med biskopen

Teologiprofessor Christoffersen er sjokkert over biskopen.

– Det er ein dårleg måte å behandle ein tilsett og eit medmenneske på, men eg er også ueinig med biskopen i hans sterke motstand mot sambuarskap. Samlivsformer har forandra seg mykje sidan bibelske tider, og det er ikkje gitt at eit sambuarskap ikkje kan vere ein god variant, seier Christoffersen.

Svein Åge Christoffersen

KRITISK: Teologiprofessor Svein Åge Christoffersen tykkjer det er ufint av biskopen å blande seg inn i privatlivet til presten Helene Langeland

Foto: privat

Etter at NRK på laurdag omtala saka har biskopen sitt brev skapt mange reaksjonar i sosiale medium. Presten sjølv seier at ho berre har fått støtteerklæringar.

– Eg hadde gudsteneste i går, og då kom veldig mange folk bort til meg, nokre med tårer i auga. Eg har fått veldig mykje støtte av folket her i Lærdal, seier prest Helene Langeland.

Helene Langeland og brevet

FEKK REFS: Prest i Lærdal Helene Langeland fekk refs av biskopen i eit brev. I brevet stod det at kyrkja ikkje kunne støtte samlivsforma til Langeland, og at biskopen tykkjer ho har vore illojal.

Står på sitt

Biskop Halvor Nordhaug har fått med seg kritikken ifrå Christoffersen, men står framleis på sitt.

– Vi stiller andre krav til prestar enn vi gjer til dømes til vanlege folk som går i kyrkja. Vi stiller ikkje berre krav om læra deira, men også om korleis dei skal leve. Dette veit den aktuelle presten veldig godt, og då opplever eg det som illojalt å halde fram i den samlivsforma.

– Kjem Langeland til å miste jobben om ho held fram som sambuar?

– Nei, det har det ikkje vore snakk om i det heile. Det har vore viktig for meg å gje eit tydeleg signal om at det ikkje er greitt å vere prest og sambuar, no har eg gjort det, og det er ikkje noko vidare saksgang etter det, seier Nordhaug.