Hopp til innhold

Birgitte Kallestad (24) døydde av rabies

Det var 24 år gamle Birgitte Kallestad som døydde av rabies. Ho blei smitta av ein kvalp ho hjelpte på Filippinane.

Birgitte Kallestad døydde av rabies måndag kveld.

Det opplyser familien i ei pressemelding som blei sendt ut til media torsdag kveld.

– Då det verserer mange rykte, vel vi å gå ut med den sanne historia om kva som skjedde, skriv dei.

Det var måndag kveld Kallestad døydde av den frykta sjukdomen rabies. Ho budde i Førde og jobba ved sentralsjukehuset, men kom opphavleg frå Fjell kommune vest for Bergen.

Birgitte Kallestad

Birgitte Kallestad døydde av rabies måndag kveld.

Foto: Privat

Ville redde kvalp

Ifølgje familien reiste ho på ein ferietur til Filippinane saman med fleire vener i februar. Då dei var ute og køyrde moped, fann dei ein liten kvalp i vegkanten.

– Birgitte løfta kvalpen opp i ei korg, og tok han med heim. Ho vaska og stelte han og han begynte til hennar glede å friskne til. Dei leika med kvalpen i hagen, skriv familien.

Dei understrekar at alle i huset dei budde i og nabobarna leika med kvalpen.

– Etter kvart begynte kvalpen å bite etter dei på kvalpevis. Han nappa etter fingrane når dei leika. Alle fekk nokre små kvalpebit i ferien.

Familien fortel at Birgitte, som sjølv er helsearbeidar, gjorde alt ho skulle. Dei små skrammene blei sterilisert.

– Ingen av dei ho var saman med såg noko behov for legetilsyn.

Birgitte begynte først å bli sjuk ei tid etter at ho kom tilbake til Noreg.

Det tok tid før helsevesenet fann ut kva som var gale med ho. Ho vart først innlagt etter fleire turar til legevakta, og då meinte ein av legane at symptoma kunne likne på rabies.

– Ingen kopla dei små skrammene frå ferien til sjukdomen, aller minst ho. Sjukdomen utvikla seg vidare medan legane kjempa for å finne ut kva som var gale.

Oppmoding om vaksineprogram

Gruppa Birgitte reiste til Filippinane med var ikkje vaksinerte mot rabies.

Det forklarar familien med at sjukdomen ikkje er på lista over påkravde vaksinar på reise i dette landet.

For Filippinane tilrår Folkehelseinstituttet individuelt å vurdere å ta rabiesvaksinen dersom ein drar til område med dårleg hygieniske og sanitære forhold, eller om ein skal ha nær og langvarig kontakt med lokalbefolkninga.

– Vår kjære Birgitte elska dyr. Vår redsel er at dette skal skje andre som har eit varmt hjarte som ho.

Familien ber no om at rabiesvaksinen blir med i programmet for stadar der det kan vere rabies, og at folk blir merksame på farane.

– Klarer vi å oppnå dette kan døden til vår solstråle redde andre, skriv familien.

Ordføraren rosar pressa

Saka gjer sterkt inntrykk på mange, skriv ordførar i Førde, Olve Grotle (H), på Facebooksida si.

– At ei kvinne heilt i starten av livet skal få livstråden kutta av ein sjukdom vi i praksis ikkje har i landet vårt, er vanskeleg å forstå. Vi er mange som sender varme tankar til dei som har stått nær den unge kvinna, og som no er i botnlaus sorg, skriv Grotle.

Han rosar både riks- og lokalpressa for å ha behandla saka med stor respekt og medkjensle.

Vidare er han glad for måten sentralsjukehuset i Førde har blitt rosa og takka av dei pårørande på.

– Det har vore godt å sjå. Og det må kjennast ekstra godt for alle dei som arbeider på sjukehuset, og som òg har mista ein kollega og ven, skriv ordføraren.