Fengselet i Vik er overmodent for utskifting. Den gamle bygningen frå 1860 har berre eitt toalett på deling, og i periodar har fangane måtte bruke bøtter til å gjere frå seg i.
Møte justisministeren
Justisminister Odd Einar Dørum løyvde i fjor åtte millionar kroner til nytt fengsel, men dette er langt frå nok til å byggje eit fengsel som samsvarar med dei nasjonale krava til eit trygt fengsel. Det nye fengselet skulle etter planen stå ferdig om eitt års tid.
Tillitsvald for dei 11 tilsette i fengselet i Vik, Roy Egil Stadheim, er opprørd over situasjonen. Han seier dei tilsette no vil be om eit møte med justisministeren og krevje meir pengar.
Nedjustering av tryggleiken
Regiondirektør Per Sigurd Waage i Kriminalomsorgen
Regiondirektør Per Sigurd Waage i Kriminalomsorgen Vest set dei åtte millionane frå Dørum i perspektiv:
- Viss me samanliknar med eit ordinært lukka fengsel med høg nasjonal standard, så er det ikkje uvanleg å operere med prisar pr celle på 2,5 til 3 millionar kroner.
I Vik er det 14 celler som skal byggast for åtte millionar. Det inneber ei nedjustering av tryggleiken med færre overvakingskamera og ingen skotsikre glas for å nemne noko.