Bilist stogga to gonger i narkorus

Sunnfjording i slutten av 20-åra må 30 dagar i fengsel etter to promilleturar i fjor.

Først vart mannen stogga i Sunnfjord. Vel månaden seinare køyrde han til Sogndal der han både kjøpte og brukte amfetamin.

Dagen etter vart han stogga av politiet, som igjen kunne konstatere at han var rusa.

Fengsel og bot

Nyleg måtte sunnfjordingen møte i Sogn tingrett. Han hadde allereie før saka skulle opp erkjent forholda, og fekk ein tilståingsdom.

Begge turane var mannen ifølgje domen rusa på metamfetamin og amfetamin. Og begge turane var rusen tilsvarande mellom ein og 1,5 promille. Mannen hadde heller ikkje førarkort.

Vanlegvis vil ein promille på kring ein tilsvare fengsel på vilkår, men sidan mannen gjorde seg skuldig i to tilfelle landa retten på ubetinga fengsel i 30 dagar. Han må også ut med 7 500 kroner i bot, og taper førarretten på bil i fire år.