Hopp til innhold

Bilist stakk av etter å ha køyrd på gut (9)

Politiet jaktar på syndaren, og meiner sjåføren visste at ho køyrde på guten.

Parkeringsplassar ved Vågsøy ungdomsskule der ein ni år gammal gut skal ha blitt påkøyrd.

FORSVANN: Her ved parkeringsplassen ved Vågsøy ungdomsskule skal den ni år gamle guten ha blitt påkøyrd. Bilisten forsvann etterpå.

Foto: Seline Larsen / NRK

Klokka 18.44 fekk politiet melding om at ein ni år gammal gut var påkøyrd ved Vågsøy ungdomsskule i Måløy. Han er sendt til Førde sentralsjukehus.

Vi fekk opplyst at ein gut på ni år er påkøyrd av ein svart eller mørk bil, og føraren er ei kvinne, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet.

Dette skal ha skjedd ved parkeringsplassen til ungdomsskulen cirka klokka 18.30. Guten var på sparkesykkel då bilen trefte han.

– Visste ho køyrde på guten

Bilisten stakk av etter ulukka.

Vi forstår det slik at føraren var klar over at ho køyrde på guten. Men ho forsvann frå staden utan å gje seg til kjenne eller sjå korleis det stod til med guten.

Det ser vi svært alvorleg på. Ved trafikkulukker har du plikt til å stoppe og sjå korleis det går med dei andre.

Politiskilt ved sidan av julelysa i gate 1 i Måløy

Politiet i Måløy etterforskar saka, og vil gjerne ha tips.

Foto: Seline Larsen / NRK

Politiet vil ha tips

Politiet rykka ut med patrulje på staden, og etterforskar saka. Dei har avhøyrd guten og familien.

Det har kome fram at det kanskje var to personar i bilen, og at begge skal vere kvinner.

Dei vil veldig gjerne at folk som kan ha sett eller høyrd noko ringer politiet på telefon 02800.

Guten vart køyrd til legevakta av familien sin. Han vart sendt vidare til Førde sentralsjukehus for ytterlegare kontroll.

Det ser ut som det har gått greitt med guten, trass alt. Han vart slått over ende då bilen trefte han. Han har smerter, men er vaken og medviten. Det ser ut til at han ikkje er alvorleg skadd.

– Kva straff kan vere aktuelt for nokon som stikk av slik?

– Det kjem an på kva som faktisk skjedde. Og det er opp til påtalemakta å vurdere. Men du kan risikere fengsel, bot og å miste førarkortet, seier operasjonsleiar Dahl-Michelsen.

Knut Olav Røsseland Nestås

Regionleiar Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk Vestland.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Uakseptabelt å stikke av

– Eg kjende det i magen, seier regionleiar Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk Vestland om då han leste om saka.

– Eg håpar det går bra med guten. På generelt grunnlag kan eg seie det er ei klar plikt i vegtrafikklova paragraf 12 om å sjekke og hjelpe i trafikkulykker.

Han kan ikkje seie kor vanleg det er å rømme frå staden.

– Ein høyrer jo om slikt innimellom, men eg kan ikkje seie eg har sett noko tal eller oversikt på det. Uansett er det heilt uakseptabelt å stikka av i slike situasjonar. Både førstehjelp og å øva på sikring av skadestaden er ein del av føraropplæringa, seier han.

Ordførar Ola Teigen i Kinn kommune ber sjåføren om å melda seg.

– Dette er ei frykteleg hending, og nok ekkel for både guten, familien og sikkert også frykteleg for kvinna som køyrde bilen. Likevel må ho melde seg. Det er best for alle partar.

Teigen er glad for at det ser ut til at guten ikkje blei alvorleg skadd.