Bilist brukte baufil for å kome seg over stengt fjell

Bilisten kom for seint då Sognefjellet blei nattestengt onsdag. Då tok sjåføren like godt baufilen fatt og saga av låsebolten.

Bilist brukte baufil på bommen på Sognefjellet.

KORT PROSESS: Bilisten var ikkje særleg nøgd med at fjellet var stengt og saga rett og slett over bolten som heldt bommen fast.

Foto: Privat

– Dette er strengt ulovleg, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Jørgen Bødtker til NRK.

Han peikar på at fjellet var stengt basert på ei grundig vurdering.

Det var onsdag kveld at bilisten tok seg til rette for å kome seg over det stengte fjellet på riksveg 55.

Vedkomande fann fram ei lita metallsag og saga over bolten som held bommen på plass når fjellet er stengt.

– Tyle gjort

På grunn av store snømengder og fare for hurtig vêrskifte, har Sognefjellet vore nattestengt i fleire veker.

Det er den høgstliggande fjellovergangen i Nord-Europa og går opp til 1434 meter over havet på toppen.

Seinast for nokre få dagar sidan blei fleire bilar ståande fast i snøen på ein annan fjellovergang i Jotunheimen.

– Eg kan ikkje seie anna enn at dette er tyle gjort. Vi stengte fjellet av ein grunn, seier Terje Weka som er bomansvarleg på vestsida.

Til Sogn Avis seier Weka at han aldri har opplevd liknande.

– Det har skjedd at folk har brote seg forbi på andre måtar, ja, men aldri at nokon har saga sund bommen, seier Weka til avisa.

– Strengt ulovleg

Då bilisten hadde køyrd om lag ein time, blei vedkomande ståande fast ved bommen på austsida. Der ringde bilisten til Statens vegvesen og bad om at nokon kom og låste opp.

– Meldinga vi fekk var at innringaren stod fast ved bommen før Lom. Ein frå entreprenøren på austsida reiste ut og fekk opna, seier Bødtker i Statens vegvesen.

– Kva tenker du om slik oppførsel i trafikken?

– Det å krysse ein stengt fjellovergang eller køyre inn i ein tunnel på raudt lys er strengt ulovleg. Vedkomande må forvente å ta konsekvensane av det.

Bilisten er meld til politiet for bom-saginga.

NRK har også snakka med Tor Nordal i Nordal maskin i Lom, som måtte rykke ut for å sleppe bilisten inn på Austlandet.

– Det er ikkje første gongen vi opplever dette. Men vi synest at den slags oppførsel er over grensa for kva som er greitt, seier Nordal.

NRK har vore i kontakt med personen som saga over bolten. Han vil førbels ikkje kommentere det som skjedde.

Sognefjellsvegen og Sognefjellshytta 13. mai 2021.

MYKJE SNØ: Sjølv om at det var fint vêr på Sognefjellet torsdag, kan det fort snu. Her frå Sognefjellshytta som ligg på 1400 moh.

Foto: Statens vegvesen