– Det har gått frå å vere ei interesse til å bli ein komplett mani. Eg trur eg har vore bilinteressert så lenge eg har tenkt rasjonelle tankar, fortel årdølen.
Stein Inge Stølen er no aktuell i TV-programmet «Panser» på kanalen MAX. Han arbeider med det han brenn aller mest for, nemleg bilar. Han flytta eigentleg til Oslo for å arbeide med musikk, men så tok bilinteressa meir og meir overhand.
– Etter at eg tok eit kurs i journalistikk, og lærte å ta bilete. Tenkte eg «kor vanskeleg kan det vere?», seier Stølen.
Han har arbeidd fire år i magasinet Autofil, der dei byrja med nett-tv for nokre år sidan. Slik blei han ein av programleiarane i «Panser».
– Vi snakka med eit produksjonsselskap, og det eine førte til det andre. Så var vi plutseleg i gang med å lage TV, fortel programleiaren.
- LES OGSÅ:
– Eg er svak for italienske bilar
Entusiasten har sjølv fleire doningar. Den eldste frå 1957 og den nyaste frå 1975. Tre av dei er frå den italienske bilprodusenten Fiat.
– Eg har òg ein 1975-modell Vaz 2103, også kalla Lada 1500 S. Ein russisk luksusbil med mykje krom og eit fungerande varmeapparat. Det er ekstrautstyr, seier Stølen lattermildt.
Alt i alt har han fire bilar. Ein av dei er ein Fiat 1100 frå 1957. Det ein doning for dei spesielt interesserte.
– Den har ikkje noko tryggingsbelte og den har ein heil sofa som sete, så ein kan ikkje køyre for fort i svingane. Då kan det hende at ein ramlar ut, fortel Stølen.
Han har vore så heldig at han har fått møte dei som eigde denne bilen for femti år sidan. Det er slikt som kan skje når han er programleiar i eit bilprogram. Dei fortalde at dei hadde vore på ferie til Danmark med bilen.
– Då hadde dei vore ni stykk inne i bilen. Fem personar ville kanskje vore passe. Eg skjønte ikkje heilt korleis dei hadde fått plass til fem ungar og fire vaksne, fortel han
– Det kan vere ungane var på hattehylla eller så må dei ha ramla ut døra, seier den bilgale årdølen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil dra på meir
Stølen seier det har vore gode seriar om bil på TV dei siste ti åra, men samstundes har det kanskje vore lite for bilentusiastane. Han fortel at «Panser» er eit annleis bilprogram.
– Vi vil gjerne dra på litt meir, tørre å utfordre grensene og satse meir på bredde, seier Stølen.
Første episode av ti vart sendt på tysdag. Det var ein spesialepisode om USA.
– Vi var over dammen og hadde det gøy. Eg var litt skeptisk før vi reiste, men då eg fekk nøklane til ein Shelby GT 500 med 671 hestar og manuelt gir, merka eg at eg kunne like det, fortel Stølen.
- LES OGSÅ: