Hopp til innhold

Bileta hans heng på «Kong Harald»

Hurtigruteskipet «Kong Harald» er pussa opp. No kan passasjerane mellom anna studere fire av bileta til Sunnfjord-fotografen Oddleiv Apneseth.

Mo jordbruksskule

PÅ MS «KONG HARALD»: Portrettet av Mo jordbruksskule i Førde.

Foto: Oddleif Apneseth

– Eg vart glad då eg vart spurt om dei kunne få kjøpe bilete av meg. Det er storveges å ha bilete hengande på eit hurtigruteskip, seier Apneseth.

Han vart kontakta av eit firma som heiter Copyright Art International og sende frå seg filene til fire bilete, slik at firmaet kunne printe ut bileta sjølv.

– Dermed har eg ikkje hatt så mykje kontroll med korleis det vart. Og etter å ha sett bilete frå skipet må eg seie at eg kunne ha tenkt meg ein litt annan kontekst. Eg er litt forskrekka over kva dei elles har hengt opp på veggane.

Oddleiv Apneseth i Førde sentrum

GLAD, MEN LITT BETENKT: Oddleiv Apneseth.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Mellom bileta hans er eitt frå Jølster-serien, der han tok bilete av alle innbyggjarane i Jølster. Eitt er eit portrett av Mo Jordbruksskule, og eitt er frå Vega i Nordland, frå boka «Norges låver».

MS «Kong Harald» starta 29. februar frå Bergen på sin første tur etter oppussinga. Utsmykkinga og interiøret har vekt oppsikt, og enkelte er svært kritiske. Kunstnaren Karl Erik Harr meiner det ser ut som ein middels kaffebar.

Apneseth-bilete på MS Kong Harald

I KORRIDOREN: Biletet frå Jølster-serien heng i ein av korridorane på MS «Kong Harald».

Foto: NRK