Hopp til innhold

Bilbrann i Os sløkt

Brannmannskap har sløkt brannen i ein bil i Byvegen på Os. Det var eit forbipasserande som melde frå til 110-sentralen om bilbrannen. Bilen stod på ein parkeringsplass og det var først fare for spreiing. Det var ingen i bilen og årsaka til at brannen starta er ikkje kjend.