Hopp til innhold

Bilar på tvers sperra fleire vegar

Ein semitrailer sperra måndag ettermiddag vegen opp mot Strynefjellet.

Semitrailer sperra Strynefjellet

SPERRA VEGEN: Det var umogleg for andre bilar å komme seg forbi då semitraileren fekk problem ved Skåre bru.

Foto: Iver Jarle Åsvoll

Bilen skal ha saksa seg like i nærleiken ved Skåre bru på riksveg 15 i oppstiginga ved Strynefjellet.

Bilbergar vart tilkalla og vegen vart ein periode stengd.

På fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen har eit vogntog fått problem ved Magnhildskaret. Bilen skal stå på halv åtte og fleire bilar skal ha snudd.

Vegtrafikksentralen sende like før klokka 13 ut melding om at vegen her ikkje vil bli opna att før klokka 15.

Det har kome store mengder snø i løpet av natta, og det har heldt fram med å lave ned utover dagen. Fleire stader er det vanskelege køyreforhold, og det kan verke som den første snøen kjem brått på mange.

Politiet har måndag morgon og føremiddag fått fleire telefonar om utforkøyringar, men til alt hell skal det berre vere snakk eit fåtal med personskade.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR