Hopp til innhold

Bilar stod fast på ferje som ikkje kom seg til kai

I fleire minutt fekk ikkje bilar og passasjerar sleppe av MF «Ampere» på ferjesambandet Lavik–Oppedal.

Ampere med trøbbel på Oppedal-Lavik

PROBLEM: Ferja mellom Lavik og Oppedal fekk ikkje lagt til kai.

Foto: nrk.no-tipsar

Jens Friis såg det heile frå Lavik-sida.

– Alle bilane er no komne i land, seier han.

Den elektriske ferja fekk problem då ho var full av bilar på veg mellom Lavik og Oppedal.

– Ferja har problem med den eine propellen. Sidan berre ein propell er i drift, får ikkje ferja lagt til kai, sjølv om ho ligg heilt ved land, seier Inge Andre Utåker, regionsjef i Norled.

Ein video NRK har fått frå ein tipsar viser at ei anna ferje på sambandet, MF «Oppedal», hjelpte til med å få «Ampere» inn til kai.

– MF «Stavanger» ligg utanfor og ventar på å kome inn, seier Jens Friis.