Hopp til innhold

Bil tatt av snøskred på Vikafjellet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Jon Røse (43) frå Sogndal kom frå det med skrekken då bilen hans vart treft av eit snøskred på Vikafjellet tysdag føremiddag.

Skredet gjekk i 0940-tida kring tre kilometer nedanfor Storehaugtunnelen.

– Det var snøføykje, så eg er ikkje sikker på om eg køyrde inn i det, eller om det trefte bilen. Plutseleg stod eg berre midt oppi det, seier han.

10–15 meter breidt

Røse, som skulle på Vikafjellet på oppdrag for arbeidsgjevaren Statkraft, vil ikkje overdramatisere hendinga.

Prosjektleiar ved drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim, seier skredet er mellom ti og 15 meter breitt og kring to meter høgt.

– Raset er ikkje så veldig stort, men det er klart at det ikkje er noko god oppleving å kome i eit skred. Bilen vart skyvd ut mot autovernet, seier Per Ove Fossheim, prosjektleiar ved drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Måtte vekk

– Du blir litt oppgjeven, for du skjønar at du ikkje kjem nokon veg. Eg måtte krabbe ut ruta og kome meg vekk derifrå så fort som råd så eg ikkje stod midt i det, fortel Røse.

For kring to år sidan sat eit tjuetalspersonar fast mellom fleire skred på Vikafjellet . Skredet tysdag kom på om lag same staden.

– Eg har høyrt ein skal vere på vakt her, så tanken streifa meg. Det første eg tenkte var korleis eg skulle kome meg derifrå, seier han.

– Du kvepp litt

Entreprenøren kom til staden like etter skredet og fekk bilen ut av skredet. Det ser ikkje ut til at bilen har fått store synlege skader.

– Den mista kjølevatnet, så det blir vendereis i dag, konstaterer Røse.

– Du kvepp litt, men det går bra. Eg har ferdast i trafikken i mange år, og veit at ting kan skje. Det er berre å behalde roa. Det er ikkje anna å gjere, avsluttar han.

Fjellet er stengd

Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengd. Statens vegvesen avventar om dei skal opne att eller ikkje.

– Vi ser på metogrammet at det er meldt fallande temperatur. Kring null og du er på nedgåande trend, så vil du over tid få meir stabile forhold i fjellet. Dersom vindforholda også er bra, så blir det vurdert å opne fjellet, seier Fossheim.

Klokka 11 opplyser vegvesenet at dei ikkje kjem til å opne Vikafjellet i dag. Truleg blir ikkje vegen opna onsdag heller på grunn av uver.