Bil med to personar har køyrt av vegen i Fjaler

Bilen skal ha gått rundt etter utforkøyringa, men dei to som sat i køyretøyet skal ha greidd å kome seg ut på eiga hand.

Trafikkulukke i Fjaler

Naudetatane har no kome fram til staden. Politiet fekk melding om ulukka klokka 18:30 i kveld.

– Bilen har gått rundt og hamna på taket. Det er ikkje alvorleg personskade så vidt vi veit, seier Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen i Florø.

Han opplyser at det har vore glatt på ulukkesstaden.

Dei to involverte, ein mann og ei kvinne, klaga over smerter etter ulukka. Begge vart køyrt til ein sjekk hos legen.