Hopp til innhold

Bil med to personar hamna i sjøen

To menn er flogne til sjukehus etter at ein bil køyrde utfor ein kai og hamna i sjøen i Kalvåg i Bremanger måndag føremiddag.

Kalvåg

I SJØEN: Redningsmannskap kom raskt til etter at bilen hamna i sjøen ved denne kaien i det vesle fiskeværet Kalvåg.

Foto: ALF-HAAKON HARLEM

Klokka 12.45 meldte politiet at det ikkje vert søkt etter fleire personar. Dei to mennene er flogne til sjukehus i høvesvis Førde og Bergen.

– Han som kom seg på land vert omtalt som bevisst. Personen som vart med bilen under vatn har vi førebels ikkje fått status på, utover at det vart utført livreddande førstehjelp, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i pressemeldinga.

Måndag ettermiddag fortel Dahl-Michelsen fortel at dei no veit meir om årsaka til ulykka.

– Det har skjedd på ein smal veg der den eine bilen har starta å rygge, og i samband med det hamna utfor ei skrent og i sjøen, seier han.

Mannen som fekk førstehjelp på staden er alvorleg skadd.

Arbeidsbåt bidrog i redningsaksjon i Kalvåg.

FANGA OPP: – Vi var heldige fordi det var ein arbeidsbåt like ved, som fanga opp nødmeldinga, seier politiet.

Foto: Privat

Heisa opp av kran

Han vil på noverande tidspunkt ikkje gå ut med alderen på dei to mennene, og kva tilknyting dei har til staden. Årsaka er at politiet ikkje er sikre på at dei har rett identitet på dei to personane. Men politiet har varsla om kriseteamet til Bremanger kommune om ulukka, opplyser Dahl-Michelsen.

Klokka 12.12 opplyste politiet at bilen var lokalisert og heisa på land ved hjelp av ein kran.

– Vi har funne ein person inne i bilen. Vedkomande er tatt ut av bilen og får no førstehjelp på staden, skreiv Dahl-Michelsen på det tidspunktet.

HER SKJEDDE DET: Bilen hamna utfor kaien i det vesle fiskeværet Kalvåg i Bremanger.

Ti meters djupne

Bilen med dei to personane om bord hamna i sjøen på ein kai i fiskeværet Kalvåg måndag føremiddag. Til Bergens Tidende seier brannsjef Robert Endestad at bilen vart funne på ti meters djupne.

– Redningsaksjonen var krevjande. Det vart sendt store ressursar til staden. Vi var heldige fordi det var ein arbeidsbåt like ved, som fanga opp nødmeldinga. Dei hjelpte til i arbeidet med å få heva bilen, fortel operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.21. Ifølgje politiet og Alarmsentralen deltek to helikopter, redningsskøyta, bilambulanse og mannskap frå to brannstasjonar i redningsaksjonen.

Redningsaksjon i Kalvåg. Bil i sjøen.

REDNINGSAKSJON: Både redningsskøyta, helikopter og brannmannskap deltek i redningsarbeidet.