Hopp til innhold

Bil køyrde utfor vegen ved Stegastein i Aurland

Ein tysk campingbil skal ha køyrt utfor den smale turistvegen på fylkesveg 5627 mellom Aurlandsvangen og Stegastein.

– Uhellet skal ha skjedd i den første 180-graderssvingen etter bebyggelsen oppover, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund i ei pressemelding frå politiet.

Bilen ligg på sida, men det skal ikkje vere fare for at bilen rullar vidare. De to som var i bilen har komme seg ut, meldte Vest politidistrikt på Twitter klokka 13:42. Desse verkar ikkje alvorleg skadd, men blir teken hand om av helse på staden. Det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring.

Vegen var ein periode stengt som følge av at bergingsbil var på staden.

Brannvesenet har fleire gongar i sommar måtte hjelpe bilar som står fast på den populære turistvegen mellom Aurlandsvangen og Stegastein.

SISTE: 15:46 melder Vegtrafikksentralen at vegen er open for trafikk.

Bobil
Foto: Vest politidistrikt