Hopp til innhold

Bil køyrde i fjellveggen

Ein bil har køyrd i fjellveggen i Barstadvika nord for Måløy. Ein person er sendt med luftambulanse til Ålesund.

Barstadvika

– Ein mann i slutten av tenåra er sendt med luftambulanse til Ålesund, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i politiet.

Kl. 05.22 melde politiet på Twitter at ein bil hadde køyrd av vegen i Barstadvika rett nord for Måløy. Alle naudetatar inkludert luftambulanse frå Ålesund vart sendt til staden.

Ulykka skjedde i 80-sona på fylkesveg 617.

– Helsepersonell på staden seier at personen har mogleg brot i armen etter uhellet. Han skal ha hatt store smerter, seier Halleraker.

Det er store skadar på bilen og bilbergar er på veg. Trafikken blir no dirigert forbi ulykkesstaden.