Bil køyrde i fjellveggen

To vaksne og to barn får behandling på staden etter at ein bil køyrde i fjellveggen på Kjelkenes i Bremanger fredag ettermiddag.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi har fått melding om at ein personbil har køyrd i fjellveggen på Kjelkenes. Det skal vere fleire personar i køyretøyet, seier seier vaktleiar på Alarmsentralen i Florø, Siv Sørstrand.

Ho opplyser at alle er ute av bilen og er oppegåande. Ambulansen er på staden og dei som var i bilen får hjelp og behandling på staden.

– Det er ein bil som har fått sleng og køyrde med fronten inn i fjellveggen. Det skal vere to vaksne og eit barn i bilen, og det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatiana Knappen.