Hopp til innhold

Bil kolliderte med motorsykkel på Sotra

Vest politidistrikt meldte i morgontimane i dag at ein bil og ein motorsykkel hadde frontkollidert omtrent ein kilometer sør for Fjell kyrkje på Sotra i Øygarden kommune. Motorsykkelførar fekk behandling på staden, og blei deretter flydd til Haukeland sjukehus. Vedkomande skal vere medviten, men elles er det uvisst kor skadd personen er. Førar av bilen er fysisk uskadd.

Fylkesveg 560 var lenge stengt som følge av hendinga, men Vegtrafikksentralen melder at vegen er opna igjen.