Bil i tunnelveggen

Ein person sat fastklemd etter ei ulykke i Finnsåstunnelen på fv. 53 i Årdal, men er no ute og blir teken hand om. Bilen hamna i tunnelveggen. Skadeomfanget er uvisst, men det verkar som ei alvorleg ulykke, melder politiet. Tunnelen er stengd.