Dei to turistane låg og sov i bilen som stod parkert i vegkanten, då dei plutseleg høyrde lydar.
– Det høyrdest ut som ein eksplosjon og vi kjente bilen bevege seg då steinane kom nedover, seier Marie Leveaux.
Ho og reisefølget, Valentin Pidoux, fekk på seg klede og skulle køyre av garde då ein mann kom til.
– Han sa vi måtte forlate bilen og gå vekk frå staden. Han hadde sett steinane komme.
LETTA: Valentin Pidoux og Marie Leveaux er no trygge att. Rasstaden er på andre sida av fjorden.
Foto: Arne Veum / NRKHo frykta for livet, seier ho.
– I nokre minutt gjorde vi det fordi bilen bevega seg. Vi stod mellom fjorden og fjellet. Det var skremmande.
Politiet melde onsdag morgon om store steinar som har rasa om lag 200 meter nord for ferjekaien i Gudvangen.
Nokre av steinane er på størrelse med ein personbil.
I VEGEN: Dette er ein av steinane som har kome ned i vegen.
Foto: Aurland brannvesenFylkesveg 5623 er no stengd. Fylkesvegen er ein sideveg til E16 mellom Flåm og Voss.
Bakkatunnelen i Gudvangen ligg i verdsarvområdet Nærøyfjorden, som er ein sidearm til Sognefjorden.
TREFT: Ein bil blei treft av steinar ved Bakkatunnelen.
Foto: Aurland brannvesenVegtrafikksentralen opplyser om at raset har losna frå høgt oppe i fjellsida. Alle naudetatane blei sende til staden.
Dårlege vêrmeldingar gjer at ikkje kjem geolog på plass på rasstaden i dag.
Vegvesenet opplyser at dårlege vêrmeldingar gjer at geologen ikkje kjem seg opp i fjellsida med helikopter. Det blir ny vurdering torsdag klokka 15.
Politiet melde først om to ras. Det blei sidan retta.
RAS: Ein bil har hamna i eit ras ved Bakkatunnelen i Gudvangen inst i Sognefjorden.