Studentar ved Handelshøyskolen BI i Bergen tilbyr medstudentar tusenvis av kroner for å sleppe å gjennomføra obligatoriske fag.
Gjennom anonyme delingstenester som Jodel tilbyr studentar som ikkje vil gjere heimeeksamen sjølve, å betale tusenvis av kroner for å la andre gjere jobben.
– Eg kjenner sjølv fire studentar som har kjøpt seg inn, seier BI-student Mathilde Melkevik.
– Skikkeleg unnasluntring
Fleire BI-studentar NRK har snakka med bekreftar praksisen, som er mest utbreitt i faget marknadsføringsleiing.
Her må studentane lage ein marknadsplan for eit firma, som skal leverast gjennom ein 30 sider lang obligatorisk heimeeksamen.
Ein kan velje sjølv om ein vil jobbe aleine eller i grupper.
Studentar som ikkje vil gjere eksamen sjølve, kan dermed betale tusenvis av kroner for å bli med i eit gruppeprosjekt.
Medstudentar tener pengar, medan kjøparen slepp unna – og sikrar seg ein god karakter.
– Ein er ikkje verdig den karakteren ein får om ein har kjøpt seg inn. Det er skikkeleg unnasluntring, seier BI-student Ragna Rødli Gjørtz, som kjenner medstudentar som har betalt 7000 kroner for å sikre seg ein god karakter.
Betalte 5000 kroner for bacheloroppgåve
Ein av personane Mathilde Melkevik kjenner til, betalte 5000 kroner for å bli med på ei bacheloroppgåve.
– Enkelte som jobbar fulltid, kjøper seg inn på bachelor- og heimeeksamenar for å få ein karakter utan å gjere noko sjølv, seier Melkevik.
På døma frå Jodel kjem det fram at dei som faktisk gjer heimeeksamenen, risikerer å få mindre betalt dersom oppgåva ikkje får toppkarakter.
Toppkarakteren A kan til dømes gi 5000 kroner, men om vedkomande får B, er prisen redusert til 3000 kroner.
Melkevik samanliknar nokre av døma med ei form for utpressing.
– Personen som blir betalt har likevel jobba lenge med oppgåva, så det er jo nesten utpressing. Det er dumt at det har blitt ein slik kultur, seier ho.
– BI bør straffa elevane
Direktør for studiekvalitet ved BI, Nicole Ebbing, kjenner ikkje til problemet.
– Vi er ikkje kjent med den praksisen verken i Bergen eller ved andre campus i Noreg. Om det viser seg at dette er tilfellet, definerer BI dette som juks og det vil bli behandla deretter, seier Ebbing.
– Kva tiltak vil de gjere?
– No er vi i slutten av denne eksamensperioden, men det er klart at vi må vurdere tiltak for neste periode. Vi må først vite fakta rundt dette også, svarar Ebbing
Ragna Rødli Gjørtz og Mathilde Melkevik har sjølve verken betalt eller teke betalt for eksamenssvar. Dei meiner dei som betalar og dei som tek betalt burde bli straffa.
– BI kan informere tydeleg om at dersom nokon på gruppa har blitt betalt for å jobbe, så kan også dei bli straffa for det. Dette er det same som å jukse på ein skuleeksamen, seier Melkevik