Hopp til innhold

Regnbyer i vest, og sol i aust: Slik blir starten på juli

Fleire stader i landet blir det ein våt start på helga og nedgang i temperaturane. Til veka vil gradestokken stige igjen, men førebu deg på regn.

Vêrbilde i frå Flå i Hallingdal

VARIERT: I store delar av landet blir det vekslande vêr dei neste dagane.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Etter varme dagar med sol og opphaldsvêr, er det no våtare tider i vente for Vestlandet og fleire stadar i Noreg.

Natt til fredag har det vore omtrent 50 lynnedslag i Bergen og omland. Det vil blåse godt, og på ettermiddagen kjem det meir nedbør.

– Lyn- og torevêret er over for no, men utover helga vil det bli av og på med regnbyer, seier statsmeteorolog Karen Jarstø Ervik.

I Nord-Noreg vil fredag bli ein av dei siste dagane med høge temperaturar, då det er venta eit betydeleg temperaturfall dei neste dagane. Enkelte stadar vil gradestokken falle med heile 10 grader. I Nordland er det venta ein god del nedbør.

Med ein sørvestleg vind som dyttar lågtrykk nordover i landet, vil regnbyene også ta turen til Midt-Noreg. Dermed kan det fort bli litt vått i Trøndelag.

Aust- og Sørlandet blir vêrvinnarane

Desse områda kan sjå fram til ei tørrare helg.

– Austlandet vil ha det varmaste vêret med temperaturar litt over 20 grader, seier Ervik.

Også Sørlandet kan vente seg gode dagar framover.

Finvêret vil halde fram utover neste veke for aust-og sørlendingane, medan resten av landet må rekne med skiftande vêr med både opphald og regnbyer.

– Vi er i ei lågtrykksone i store delar av landet neste veke, det vil difor bli vått og kjøligare på Vestlandet, i Nord-Noreg og Midt-Noreg, legg ho til.

Temperaturen kjem til å halde seg stabilt i starten av juli og det vil vere ei veksling mellom opphaldsvêr og regnbyer.

Værvarsel for helga

Slik blir det i Sør-Noreg laurdag ettermiddag, ifølge Meteorologisk institutt.

Foto: Meteorologisk institutt

Forbetring mot midten av juli

Korleis resten av juli vil sjå ut er framleis usikkert, men dei som startar ferien sin no må vere førebudde på varierande vêr.

Det er likevel håp om betre vêr utover månaden.

– På Vestlandet ser vi tendensar til temperaturstigning igjen frå midten av juli. Fram til då vil det halde seg kjølig, men det ser ut til at sjansen for nedbør vil minke, seier Ingri Halland Soldal, vakthavande meteorolog i Meteorologisk institutt.

På Austlandet og Sørlandet vil det vere noko høgare temperaturar enn Vestlandet, og det er også moglegheit for auke i temperaturen der.

– Det vil stort sett vere tørt framover og halde seg ganske stabilt, men det kan bli nokon dagar nedbør og regnbyer.