Det seier plassjef ved Elkem Bremanger, Steinar Talle til avisa Firda.
200 arbeidsplassar
Viss Svelgen får solcellefabrikken, er det snakk om ei investering på 3,5 milliardar og 200 arbeidsplassar.
Vegen gjennom Magnhildskaret inn mot Svelgen er smal og kronglete og vil ikkje tole den trafikkauken ei storetablering i Svelgen vil føre til. Ei utbetring av vegen er kostnadsrekna til mellom 200 og 250 millionar kroner.
- Det vil bli ein enorm auke i transporten viss vi får fabrikken på plass, seier Talle.
Viktig for heile regionen
Han og fleire andre personar frå Sunnfjord-regionen møtte i går fylkesordførar Nils R. Sandal.
- Dette er veldig viktig for heile regionen. Får vi ikkje vegen på plass, kan fabrikken hamne i utlandet, seier Rolf Årdal som er leiar i Sunnfjord Næringråd til avisa.
Talle seier at eit vedtak om utbygging må vere på plass før Elkem bestemmer seg for kvar solarfabrikken skal liggje i løpet av 2009.