Hopp til innhold

Utval skal kome med framlegg til nye fareskilt og sperringar ved Nigardsbreen

Ei arbeidsgruppe skal no kome med framlegg til tiltak for å unngå fleire ulukker ved Nigardsbreen.

Fareskilt ved Nigardsbreen

SKAL BYTAST UT: Ei arbeidsgruppe skal kome med framlegg til informasjonsskilt som skal verke meir avskrekkande på turistane enn det eksisterande.

Foto: Anne Rudsengen

Denne veka var det eit møte der ei rekkje etatar var representerte og der det vart diskutert korleis ein kan informere turistane betre om kor farleg det er å gå nær breen.

Den 10. august i år miste eit tysk ektepar livet då breporten brotna, og dei fekk isblokker over seg. Dei hadde gått forbi sperringane og fareskilta som åtvarar mot å gå for nær breporten.

Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn - SNO - er med i arbeidsgruppa som vart sett ned, og ho seier at dei mellom anna har henta inspirasjon frå New Zealand.

Anne Rudsengen
Foto: © Selja Forlag

– Vi ser på korleis dei har informert om risikoen og kva type sperringar dei har, vi ser og på tiltak i andre land.

– Kan det vere aktuelt å innføre vakthald i turistsesongen?

– Så langt det vart omsnakka på møtet ser vi ikkje at det er mogeleg ut frå økonomiske forhold. Men det er mange folk i området i turistsesongen. Både Brevegen og breførarlaget har folk i området, og det er naturleg at dei held fram med å informere turistane.

Arbeidsgruppa skal også kome med framlegg til kva type sperreband som bør veljast. Det er meininga at tiltaka skal settast i verk frå turistsesongen 2015.