Betre overvaking av sjøtrafikken

Overvakinga av sjøtrafikken langs kysten av Sogn og Fjordane skal bli betre innan 2022. Kystverket opplyser at dei no har bestilt dei fem første radarane som skal installerast i risikoområde ved Florø og Måløy. Målet er å auke tryggleiken for båttrafikken langs kysten. Radarane skal monterast i løpet av 2018, medan dei vert sette i testdrift i slutten av 2019 eller starten på 2020.