Hopp til innhold

Betalte 50.000 kroner til svindlarar

Ei eldre kvinne i Årdal vart måndag lurt av svindlarar som hevda dei skulle reparere noko på taket hennar. Kvinna betalte heile 50.000 kroner i kontantar.

Øvre Årdal 2009

SVINDLA: Ei eldre kvinne vart her i Årdal lurt av svindlarar som gav seg ut for å ha gjort eit arbeid på taket på huset hennar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er ein type svindel vi har sett mykje av, seier Kjetil Drange ved politiet sin operasjonssentral.

Kjetil Drange

ALVORLEG: Kjetil Drange ved Politiet i Sogn og Fjordane seier dei har lite å gå etter i samband med svindelen i Årdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han fortel at dei måndag ettermiddag fekk stadfesta at kvinna hadde teke ut 50.000 kroner som ho hadde gjeve til personane som tilsynelatande hadde gjort ein jobb på taket hennar.

Ifølgje politiet er det litt usikkert kva svindlarane gav seg ut for å vere. Tradisjonelt har det vore vanleg med svindlarar som gjer seg ut for å vere blikkenslagerar, men truleg kan dei også ha gjeve seg ut for å vere pipereinsarar.

Politiet fekk melding om hendinga i ettermiddag og har vore i kontakt med kvinna.

– Mest truleg er gjerningsmennene norske då dei skal ha snakka austlandsdialekt, fortel Drange ved operasjonssentralen.

På Twitter skriv politiet at dei ikkje har opplysningar som tyder på at det faktisk er utført arbeid på taket. Førebels har politiet lite å gå etter og tek gjerne imot tips i saka.

– Dersom folk har informasjon om bil, registreringsnummer eller anna, blir vi veldig glade for det, seier Drange.