Hopp til innhold

Betaler godt for «teltferie»: – Skreddarsydde reiser har eit stort potensial i Noreg

Turistar frå Midtausten får eit spesielt tilpassa reiseopplegg når dei ferierer i Stryn. – Ein uutnytta marknad i Noreg, meiner reiselivsekspert.

Telt ved Strynsvatn Camping

SKREDDARSYDD: Teltet fungerer som ei sosial sone for turistane.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Vi har mange bestillingar. På denne turen har vi 400 bestillingar, men berre plass til tjue gjester, seier Abdalrhman Ahmad i Lofoten Adventures.

Han organiserer ferien for turistar frå land i Midtausten som kjem til Stryn i Nordfjord.

Gjestene bur i hytter og leilegheiter med høg standard på Strynsvatn Camping. Eit tradisjonelt telt som er sett opp spesielt for turistane blir brukt til tedrikking og hyggje.

– Vi prøver å blande kulturar – arabisk kultur og norsk kultur, fortel Ahmad.

Han starta marknadsføringa mot turistar frå Midtausten i 2016 og bruker aktivt sosiale medium for å nå ut.

Regn, overskya vêr og natur er med på å lokke turistane til Noreg. Dei får eit ferdig opplegg med transport, turar på dagtid og overnatting.

Ahmad fortel at mange av turistane frå desse landa er kjøpssterke. Gjestene betaler godt for den spesielt tilpassa reisa.

– Det er veldig viktig å tenke kvalitet. Det er derfor vi har stor pågang frå gjester i dag, seier Ahmad.

Driv med skreddarsydde reiser i Stryn

Ahmad skreddarsyr reiser for turistar frå Midtausten. Han fortel at Noreg er eit relativt nytt land for turistar herfrå.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Stort potensial

Reiselivsekspert Odd Roar Lange i The Travel Inspector fortel at reisande frå Midtausten framleis er ein liten marknad i Noreg, men ein marknad med store moglegheiter.

Det gjeld også marknaden for skreddarsydde reiseopplevingar for både utanlandske og norske turistar, der Lange meiner det ligg eit «stort uutnytta potensial».

– Dette er ein veksande marknad. Ikkje veldig veksande, men jamt og trutt, seier Lange.

– Noreg og Vestlandet er veldig skodd for dette og har opplevingane som gjestene vil betale for, legg han til.

Desse turistane er gjerne vande til flotte middagar, men har kanskje aldri ete svele på ein støyl på Vestlandet eller opplevd sterk storm om hausten, viser reiselivseksperten til.

Odd Roar Lange, The Travel Inspector

Ein må omstille seg til sakteturisme, seier reiselivsekspert Odd Roar Lange, som meiner Noreg har eit stort potensial for skreddarsydde opplevingar.

Foto: PRIVAT

Lange seier det lenge har vore snakka om å sikre seg turistane som legg att meir pengar når dei først er i landet, men at lite er gjort med det.

– Dette er veldig uutnytta og har eit kjempepotensial. Og det må vere artigare å jobbe med dette enn med gjester som kjem med cruise og buss og ikkje veit kor dei er eller kor dei skal, seier han.

NHO Reiseliv: – Vil oppleve noko unikt

Ida Bakken Tønder, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv, viser til at det er ein stor auke i etterspørsel etter skreddarsydde reiseopplegg både blant norske og utanlandske turistar.

– Mange er opptekne av å oppleve noko unikt og likar følelsen av eksklusivitet, fortel ho.

Tønder fortel at opplevingsbedrifter har vore flinke til å møte denne trenden, at dei er opptekne av kvalitet og set høge krav til tryggleik.

Prognosar frå analysebyrået Menon Economics estimerer at opplevingsbedrifter i Noreg vil ha ein auke på 95 000 tilsette i 2050, opplyser NHO Reiseliv.

Kommunikasjonssjefen meiner det er eit stort vekstpotensial for denne type turisme.

– Norske reiselivsbedrifter har blitt gode til å kommersialisere opplevingar som tek utgangspunkt i natur og kultur, og bransjen har utvikla mange nye aktivitetstilbod av høg kvalitet.

Ida Bakken Tønder, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv
Foto: Per Sollerman / Per Sollerman

Set pris på overskya vêr

Tilbake i Stryn er det først og fremst dei langvegsfarande gjestene frå nettopp land som Dubai, Kuwait, Saudi-Arabia og Qatar som bruker det tradisjonelle teltet, fortel John Roger Meland, som saman med kona eig og driv Strynsvatn Camping.

Men ofte finn også dei norske turistane vegen til teltet for å prate med turistane frå Midtausten, fortel han.

Meland seier mange av gjestene set særleg pris på at den norske sommaren ikkje er blant dei varmaste. Gråvêr er eit trekkplaster for fleire.

– Nokon fortalde at der dei kom frå var det nesten 50 varmegrader, så det var deilig å kome hit til overskya og regn.

John Roger Meland, Strynsvatn Camping

Til liks med åra før pandemien har Strynsvatn Camping mange gjester frå Midtausten, fortel eigar John Roger Meland. Teltet kom opp i 2019 i samarbeid med firmaet som organiserer turar for arabiske gjester i Stryn.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK