Hopp til innhold

Betalar 500 kroner for kvar rømte laks

For fem dagar sidan rømte ei ukjent mengd laks frå eitt av Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg i Vågsøy. No lovar selskapet 500 kroner i dusør for kvar rømte fisk som bli fanga.

Oppdrettslaks

RØMT: Fangar du eit par slike på frifot i Vågsøy kan du tene gode pengar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Rømminga skjedde i samband med at ei av nøtene skulle skiftast. I merden stod det 64 000 laks på 1,9 kilo.

– Vi ønsker ikkje at nokon laks skal rømme frå våre merdar. Men når det først skjer, så vil vi at den skal bli fanga, slik at den ikkje gjer noko skade på miljøet i elver og liknande, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland om bakgrunnen for dusøren.

Ola Helge Hjetland

ALVORLEG: Kommunikasjonssjef i Marine Harvest seier dei ser alvorleg på rømminga.

Foto: NRK

I tillegg til å gje kompensasjon til dei som hjelper til å fange den rømte fisken, driv selskapet sjølve gjenfangst med garn rundt anlegget. Kor mange laks som har rømt har selskapet enno ikkje oversikt over.

– Men vi har løpande kontakt med fiskeridirektoratet og vurderar om vi skal telje fisken som står i merden, seier Hjetland.

Han seier dei heller ikkje veit kva som gjorde at fisken kom seg unna.

– Det har vore eit hol i nota på merden, men korleis det holet har oppstått, det veit vi framleis ikkje. Vi ser svært alvorleg på denne hendinga. No samarbeider vi tett med fiskeridirektoratet for å kartlegge hendingsgangen og omfanget av rømminga, seier Hjetland.

Lakserømming