Hopp til innhold

Johannes og Tarjei er gullgutane til bestemor

Heile landet heier på Bø-brørne i jakta på medaljar, men den som heier aller mest er bestemor Magny Thingnes.

Bestemor Thingnes

VIL IKKJE GI RÅD: Bestemor Thingnes vil helst ikkje gi råd til Tarjei Bø etter mykje sjudom denne sesongen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Like godt som ein medalje, er det at Tarjei Bø er tilbake i skisporet. Han har vore sjuk heile sesongen, men klarte likevel å komme seg til VM. Det varmar hjartet til bestemor i Vevring.

– Eg tykkjer at det nesten er størst av alt. At han kom seg til VM var ikkje sjølvsagt, men at han då gjorde det så godt er heilt storarta, seier ho.

Tarjei har slite med sjukdom gjennom store deler av karrieren. Seinast med luftvegsplager, men bestemor er forsiktig med å gi råd.

– Han har sikkert fått så mange, at han ikkje kan ta imot fleire.

Følger kvart stavtak

Heime i godstolen følger bestemor Thingnes barnebarna tett.

Bestemor hadde med trøystepresang

TRØYST: I 2015 hadde Magny Thingnes med seg trøystepresang til Tarje

Foto: Harald Thingnes / NRK

På laurdag kunne ho sjå Johannes Thingnes Bø stupe over mållinja med berre 0,7 sekund frå eit VM-gull, men for bestemor er han ein gullgut uansett.

– Det var nok surt for han, men for oss som ser på er det berre storarta, seier ho.

Ho følger kvart stavtak nøysommelig kvar gong barnebarna står på startstreken. Under medaljejakta sit Thingnes klar til å følge med. Ekstra kjekt er det å ha to som ho kan juble for.

Gler seg til stafett

Det vert mykje tv-sjåing for Thingnes under VM, men ho syns det er stas uansett kva resultatet blir. I går tok Johannes nok ein sølvmedalje.

På laurdag blir det ny medaljejakt for brørne. Då er det stafett, og det er noko av det kjekkaste bestemor Thingnes får med seg.

– Stafett er alltid spennande. Vi veit ikkje kven som skal gå, men skyte bom kan alle gjere uansett.

Magny Thingnes ser skiskyttar VM

FØLGER MED PÅ TV: I desse VM-tider blir det mykje tv-sjåing for bestemor Thingnes.