Hopp til innhold

Besteforeldre venta fullt hus i påska – kommunar ber påskegjestar om å avlyse turen

SANDANE (NRK): Påska nærmar seg, og mange er usikre på om dei kan reise på tur. Fleire kommunar ber påskegjestane om å halde seg heime.

Magni Ingunn Vereide Kroken og Jakob Leiv Kroken

PÅSKEEGG: Magni Ingunn Vereide Kroken og Jakob Leiv Kroken har alt klart til familiepåske. No må dei utsette årets leiting etter påskeegg i hagen.

Foto: BENEDIKTE GROV / NRK

– Eg kjenner på ei sorg når vi ikkje får oppleve det i år, seier Magni Ingunn Vereide Kroken.

Ho og mannen hadde gleda seg til huset på Sandane i Gloppen skulle fylle seg med barn og barnebarn i påska. Med påskelam på menyen skulle dei invitere til familieselskap med 32 personar til bords.

Ektemannen Jakob Leiv Kroken hadde planen klar for dei tre barnebarna som skulle komme på besøk frå Jæren. I ei korg ligg det samla både lilla, gule og grøne påskeegg, som små barnehender skulle leite etter i hagen.

– Neste år vert det to egg på kvar, lovar bestefaren.

Magni Ingunn Vereide Kroken og Jakob Leiv Kroken

FAMILIEPÅSKE: Magni Ingunn Vereide Kroken og Jakob Leiv Kroken får ikkje samla heile familien denne påska.

Foto: BENEDIKTE GROV / NRK

Årets påske blir ikkje slik dei hadde trudd, for fleire ordførarar er klare i talen når det kjem til påskeferien. Dei ber påskegjestane om å halde seg heime. Ein av dei er Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad.

– Småbarnsforeldre heime på påskeferie er kjekt, men vi må tenke oss om. Alt er ikkje som før, seier han.

– Ikkje kom

Mange stiller seg spørsmålet om dei kan reise heim til familien sin, eller må halde seg der dei er.

Kystkommunen Bremanger får mange tilreisande i feriane, men ordføraren har ein klinkande klar beskjed til alle påskegjestane.

– Ikkje kom. Alle er hjarteleg velkomne når koronaviruset er over, seier Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde.

Lenger sør i Vestland fylke ligg Ullensvang kommune, som heller ikkje ønskjer seg påskegjestar.

– Statsministeren har på mange måtar avlyst påskeferien for dei som vil reise til andre kommunar. Folk må feriere der dei er, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug.

Mann i blazer og jeans står i døråpning med kaffekopp i hånden.

PÅSKE: Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug vil at påskegjestane ferierer der dei allereie er.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han får støtte frå Vik-ordførar Roy Stadheim.

– Vi kan ikkje nekte noko som helst, men folk bør vere med på dugnaden om å halde seg heime.

Bør unngå reise

Råda frå Folkehelseinstituttet er å avgrense all reise ei tid framover, og kvar enkelt må vurdere sjølve om reisa er heilt nødvendig.

– Tenk over om du skal på besøk til eldre eller risikogrupper. Kan du ha blitt utsett for smitte på vegen, eller ein annan stad? Har du luftvegssymptom, så skal du halde deg inne, seier Frode Forland ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Men dersom du likevel reiser er det viktig å ta alle forholdsreglar.

– Hald avstand til familie og vener både inne og ute, unngå store grupper og reis minst mogleg med kollektiv transport, oppmodar han.

Tilbake på Sandane blir påska rolegare enn kva familien Kroken hadde trudd. Ekteparet forstår og støttar råda om å halde seg heime, men synest likevel at det er sårt.

– Vi hadde gleda oss veldig. Det er stas for besteforeldre å få gullungane heim, seier Jakob Leiv Kroken.