Best på nasjonale prøver

Skulane i Sogn og Fjordane er best i landet - og dei små skulane er best i fylket.

Skole

Illustrasjon

Foto: Christophe Petit Tesson / MAXPPP/MAXPPP

- Den som kjem aller best ut er Bjordal, men der er det berre tre elevar. I tillegg er det Skei ungdomsskule som gjer det veldig godt, Davik og Brekke, seier utdanningsdirektør i Sogn og Fjordane, Bjørn Tønnesen.

- Korleis har det seg at små skular gjer det så bra?

- Eg trur mange små skular jobbar veldig godt, seier Tønnesen.

Halbrend best av dei store

I haust gjennomførte alle elevar i 5. og 8. klasse nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Resultata syner at også i år har elevar frå Sogn og Fjordane levert gode svar.

Ved små skular kan statistiske tilfeldighetar vere avgjerande for korleis skulane kjem ut poengmessig.

Av dei største ungdomsskulane ligg Halbrend i Førde i toppen. Størst betring i resultat har Flora ungdomsskule.

Litt betre enn Akershus

Resultata syner ein stor framgang for skulane i heile fylket.

- No er vi heilt i landstoppen saman med Akershus. Om me finreknar på det er me foran Akershus og, seier Tønnesen.

Dei som kjem dårlegast ut av dei store ungdomsskulane er Vågsøy og Farnes.


- Vågsøy ligg akkurat på landsgjennomsnittet, så dei klarar seg godt. Farnes ligg over landsgjennomsnittet, så det er ingen grunn til å heve nokon peikefinger.