Hopp til innhold

Best i landet.

Utdanningsdirektoratet sine førebelse tal frå eksamensresultat frå vidaregåande skule i 2014 syner at Sogn og Fjordane er beste fylke i åtte fag. I 18 fag er karaktersnittet i fylket over det nasjonale snittet. Statistikken er bygd på førebelse eksamensresultat frå skriftleg eksamen, med over 1000 elevar og 32 ulike fag. Ved desse eksamenane får alle elevane i landet dei same oppgåvene.