Hopp til innhold

Draumepåske for skisentera: – Den soleklart beste påska vi har hatt

I strålande vêr har folk susa gjennom skianlegga heile påska. Det har ført til besøksrekordar mange stader.

Leiarane ved store og små alpinanlegg i landet glisar breitt og solbrunt.

Strålande sol og gode snøforhold har lokka folk til skiheisane, løyper og bakkar.

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt ei så bra påske nokon gong. Eg har vore med i 25 år og dette slår alle rekordar.

Det seier administrerande direktør Øyvind Wæhle i Voss Resort.

Hafjell og Kvitfjell har hatt 88.000 skigjester totalt i påskeveka og melder at «årets påske slår alle tidlegare påskerekordar».

– Best besøkte dag nokon gong, melder Skistar Hemsedal om årets langfredag. Då var over 9000 personar innom skianlegget, inkludert ikkje-betalande barn.

– Heilt kanon

– Fantastisk flott.

Slik blir årets påska samanfatta ved Sirdal skisenter. Dryge 15.000 besøkjande er etter alt sannsyn ny rekord, fortel dagleg leiar Øystein Tjørhom.

– Det er heilt kanon. Det er som ein fotballkamp Sogndal-Brann gonger fem, seier driftsleiar Kim André Navarsete ved Sogndal skisenter Hodlekve.

Nesten 20.000 besøkjande er «den soleklart beste påska» nokon gong der.

Dagleg leiar Jim Ove Johansen ved Narvikfjellet skisenter, som er det største skisenteret i Nord-Noreg, fortel at det besøksmessig har vore éi av dei to beste påskene nokon gong.

Han seier at fleire kom frå utlandet og andre regionar i landet, samanlikna med tidlegare år.

Sogndal skisenter Hodlekve

Sogndal skisenter Hodlekve, påska 2023.

Foto: Kim André Navarsete

Kjem trass auka prisar

Ei tidleg påske med mykje og god snø, kaldt vêr og sol frå blå himmel trumfa økonomiske gråvêrskyer.

Wæhle på Voss seier dei før sesongen var spente på kva auka renter, matprisar og straumprisar ville ha å bety. Langtidsleige av hytter har gått ned og folk har prioritert dagsturar, men folk har halde fram med å kome.

– Vi ser ikkje at folk har spart på noko når det gjeld å kome seg ut i heisanlegg, kjøpe heiskort og gå på restaurant.

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven

Mange ville på ski i Sykkylven i påskeferien.

Foto: Øvyind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Betyr mykje

Camilla Sylling Clausen er generalsekretær for Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, som er ein paraplyorganisasjon for 220 store og små norske alpinanlegg.

Ho har snakka med kollegaer gjennom påska og mange stader har det lege an til rekordar. Organisasjonen held no på å samle inn tala for å samanfatte sesongen.

– God trafikk betyr mykje etter tøffe og uføreseielege tider gjennom pandemien og tider med auka prisar, seier Clausen.

Ho har vore spent på kva tøffare økonomiske tider ville ha å seie, men har ikkje sett ein nedgang.

– Det betyr veldig mykje å få god trafikk. Det betyr også mykje for arbeidsgleda at folk vil på ski.

Fjellsætra, Sykkylven, påska 2023.

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven melder om ei «all time high»-påske.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK