Hopp til innhold

Besøket på bremuseet er halvert

Besøkstala for Norsk Bremuseum i Fjærland er halverte dei siste 10 åra.

Star Wars-skaparar bak klimautstilling

Norsk Bremuseum håpar den nye klimautstillinga skal gje meir besøk.

Foto: Steinar Lote / NRK

I toppåret 1995 var 88 000 beøkande innom dørane, fjor var besøkstalet 45 630.

Besøket auka med ny veg

- 1995 og 1996 er ikkje heilt representative fordi dette var dei to første åra vi hadde gjennomgangstrafikk etter at den nye vegen til Sogndal vart opna, seier direktør Nils Paulsen.

Nils Paulsen

Direktør Nils Paulsen

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Det viste heilt tydeleg igjen i besøktala for Norsk Bremuseum. Dei to åra er absolutte rekordår i dei snart 17 åra senteret har eksistert. Men så var nyheitas interesse over, skal vi tru årsmeldinga for Jostedalsbreen nasjonalpark.

- Vi må vere på hogget. For å halde på besøket må alle bedrifter gjere større grep innimellom, seier Paulsen.

Auke etter ex-presidentbesøk

Og det har breemuseet gjort. I sommar opna dei eit nytt klimasenteret der blant anna den tidligare amerikanske visepresidenten Walter Mondale var til stades. 

- Det påverka besøkstalet med ein gong. Besøket har auka med 17 prosent sidan i fjor, seier Paulsen.