Cannabis-medisinen Sativex har vist seg å gi god effekt for fleire pasientgrupper i Noreg. I fjor fekk 326 pasientar i Noreg Sativex på resept.
- Bakgrunn:
Av desse hadde 267 multippel sklerose (MS). Pasientar med den kroniske sjukdomen får halda fram med å køyra bil. Andre brukarar av legemiddelet mistar sertifikatet.
KRITISK: Seniorforskar Ole Røgeberg reagerer på at berre éi gruppe pasientar får lov å køyra bil, medan smertepasientar som tek same medisin, mister førarkortet.
Foto: Frischsenteret– Medisinen vil påverka køyreferdigheitene nokolunde likt i dei to gruppene. Det er ingenting som tilseier at smertepasientar skal ha ein markant risikoauke ved inntak av desse stoffene enn det ein MS-pasient vil ha, seier seniorforskar Ole Røgeberg ved Frisch-senteret.
- Les denne:
Meiner reaksjonsmønsteret er det same
NRK har tidlegare snakka med ein kvinneleg smertepasient som i årevis fekk behandling med smertestillande utan at det hjelp. Då ein spesialist skreiv ut Sativex, eit cannabisbasert legemiddel, forsvann smertene.
– Eg føler meg så klar og fin. Eg var veldig forsiktig i starten og testa responshastigheit og liknande på mobilspel, sa kvinna til NRK i vinter.
Ho ynskjer å vera anonym fordi ho ikkje orkar pågangen frå personar som slit med å få skrive ut legemiddelet.
Kvinna er blant dei som mista førarkortet fordi ho brukar Sativex.
– Reaksjonsmønsteret mitt er som før, hevdar ho.
Meiner forsking avslører forskjellsbehandling
Ole Røgeberg har gått gjennom all forsking på ulukkesrisiko for trafikantar som brukar cannabis, og kombinert resultata frå over 20 internasjonale studier. Cannabis inneheld THC, stoffet som kan gi ei ruskjensle.
– I gjennomsnitt er det slik at førarar som har det rusgjevande stoffet THC i blodet, har ein svak til moderat auka risiko for ulukker, i sum 20 til 40 prosent, seier Røgeberg.
Dette er moderat samanlikna med alkoholrus.
– Samanliknar du med dei som har ein påviseleg alkoholpromille i blodet, har dei ei risikoauke på 600-700 prosent. Det er ein ganske mykje høgare risiko i snitt.
- Les også:
– Paradoksalt
Det er Helsedirektoratet som legg retningslinjene for kven som på medisinsk grunnlag skal ha rett til å køyra bil. Avdelingsdirektør Bente Moe meiner cannabis-medisinen Sativex hjelper MS-pasientar til å kunne køyra.
– Unntaket er for dei MS-pasientane som har auka muskelspenningar og som treng eit middel som gjer at spenningane losnar, slik at dei beherskar kroppen sin betre.
Forskjellsbehandlingen av smerte- og MS-pasienter er eit paradoks, meiner pyskiatar og rusforskar Jørgen G Bramness.
RUSFORSKAR: Jørgen G Bramness er tidlegare forskingsdirektør ved SERAF.– At heile pasientgruppar har falle innanfor medan andre har falle utanfor, synest eg er paradoksalt.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK– Ein skal vera merksam på kombinasjonen av denne typen legemidlar og køyring, men at heile pasientgruppar har falle innanfor medan andre har falle utanfor, synest eg er paradoksalt.
Avdelingsdirektøren Moe står fast på at munnsprayen gjer MS-pasientar betre eigna bak rattet.
– Me set trafikktryggleiken høgast, og det er det me vurderer ut ifrå. Dei som er godkjende sjåførar, skal kunna køyra så trafikksikkert som råd, også dersom dei har helsemessige utfordringar.