Hopp til innhold

Aktivitetsmålingar gir nye svar: Berre halvparten av barna er aktive nok

SOGNDAL (NRK): Berre litt over halvparten av barna er så fysisk aktive som Helsedirektoratet meiner dei bør vere. Barna er mindre aktive heime enn i barnehagen.

Barnehagebarn har på seg aktivitetsband

MÅLER AKTIVITET: Doktorgradsstipendiat Ada Kristine Ofrim Nilsen festar måleinstrument på barna for å måle aktivitetsnivået deira. 1300 barn har hatt instrumentet på seg i 14 dagar i strekk.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette er sentrale funn i ei stor undersøking med 1300 barnehagebarn i 68 barnehagar i Sogn og Fjordane i alderen tre til seks år. Kartlegginga er den største nokon gong i Noreg om barna sin fysiske aktivitet.

Det viser seg at den gjennomsnittlege aktiviteten til barna er på line med snittet frå ulike internasjonale studiar.

Belte rundt magen

For å finne ut kor fysisk aktive barna er har dei gått med i eit belte med måleinstrument rundt livet 14 dagar i strekk.

– Hjelp meg opp, ropar ei fem år gammal jente. Ho er på veg opp eit stort grantre der ho klatrar både titt og ofte. Vi er i Kjørnes barnehage i Sogndal. Medan enkelte klatrar i tre, klatrar andre i ein klatrevegg. Fleire spring rundt og leikar sisten.

Barnehagebarn i aktivitet

AKTIVE: Det høge aktivitetsnivået i Kjørnes barnehage i Sogndal står i kontrast til resultata i undersøkinga. Det går det fram at 45 prosent av barna har for lågt aktivitetsnivå. Johanna (5) elskar fysisk aktivitet ute i det fri.

Foto: Bård Siem / NRK

Kontrast

Det høge aktivitetsnivået står i kontrast til funna i den ferske undersøkinga der det blir konkludert med at heile 45 prosent av barna er for lite aktive i høve det Helsedirektoratet meiner dei bør vere.

Ifølgje Helsedirektoratet bør norske barn vere fysisk aktive med moderat til høg intensitet minimum ein time om dagen.

Undersøkinga viser at det er stor variasjon i aktivitetsnivå mellom barna. Medan dei 20 prosent minst aktive barna var i fysisk aktivitet av moderat til høg intensitet i 39 minutt per dag, var dei 20 prosent mest aktive i fysisk aktive i 97 minutt.

Eit anna funn at barna er klart meir aktive i vekedagane når dei går i barnehagen enn i helgane når dei er heime med foreldra.

barn som leikar

LIKAR å VERE AKTIV: Fem år gamle Vårin likar seg når ho får klatre, springe og leike ute.

Foto: Bård Siem / NRk

Gutar mest aktive

Vidare viser undersøkinga at gutar er klart meir aktive enn jenter og at seksåringane er mykje meir aktive enn treåringane.

– Spesielt dei som er minst aktive vil ha fordelar av å bli meir aktive, seier professor Eivind Aadland som har leia forskingsprosjektet ved Høgskulen på Vestlandet.

– Sidan barnehagen er så viktig for fysisk aktivitet, ser vi også eit potensial for at barna kan bli endå meir aktive i barnehagetida, seier han.

– Ser ein konturane av mange slappe foreldre som lar barna vere inaktive?

– Det kan vere mykje å hente også heime i familien. For mykje skjermbruk kan spele inn, seier han.

– Kor urovekkande er dette?

– Det å sitje stille er nødvendigvis ikkje så skummelt så lenge du er i rikeleg aktivitet utanom. Vi veit at fysisk aktivitet er viktig for barna si utvikling og helse. Dette heilt frå dei er små, seier han.

Nytt forskingsprosjekt skal gje meir aktivitet

Når ein samanliknar funna i denne undersøkinga med aktivitetsdata frå andre land er barnehagebarna i Sogn og Fjordane omtrent like aktive som andre stader. Dette betyr at barna i vestlandsfylket ikkje er spesielt lite aktive, sjølv om berre om lag halvparten når anbefalingane.

– Vi ser at særleg dei minst aktive barna bør bli meir aktive. Difor startar vi no opp eit nytt prosjekt der vi i tett dialog med barnehagar i Sogn og Fjordane ønskjer å utvikle gode modellar for meir fysisk aktivitet i barnehagen, seier Aadland. Planen er at dette skal munne ut i eit nytt studietilbod, ein type vidareutdanning for barnehagelærarar.

Forskar

VIL HA MEIR AKTIVITET: Prosjektleiar Eivind Aadland meiner det kan vere mykje å hente også på heimebane når det gjeld meir fysisk aktivitet.

Foto: Bård Siem / NRK

Ei forskargruppe ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag i Sogndal står bak undersøkinga. Instituttet er ein del av Høgskulen på Vestlandet.