Berre fire av ti held karantene: – Det kan kjennast kjipt og urettferdig

Anne-Lin Sæterstøl Olsen er ein av mange som sit i karantene etter smitteutbrotet i bergensområdet. No må familien utsetje konfirmasjonsfeiringa til eldstemann.

Anne-Lin Sæterstøl Olsen er ein av mange som sit i karantene

VARSOM: – Når ein får tenkt litt må ein snu seg om, seier Anne-Lin Sæterstøl Olsen frå karantene heime på Askøy.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Ein kan bli forbanna og lei seg, seier Anne-Lin Sæterstøl Olsen frå Askøy.

Ho er lærar og hamna i karantene etter at ein kollega fekk påvist smitte.

– Det gjekk veldig fort. Eg fekk den same kjensla som i mars då verda vart snudd på hovudet. Men det var eigentleg berre å pakke snippsekken, sørgje for å få eleven trygt av garde og ta med seg pc-en heim, seier ho.

Stolar på innbyggjarane

Heile seks av ti nordmenn som har fått pålegg om koronakarantene eller isolasjon bryt pålegget. Verst er folk over 50 år.

– Dei som har fått karantene må halde seg heime, slår ordførar på Askøy, Siv Høgtun (H), fast.

Ordfører i Askøy Siv Høgtun

ALVOR: Ordførar Siv Høgtun meiner utviklinga på Askøy no er alvorleg.

Foto: Karoline Finnema / NRK

På Askøy er 500 i karantene medan 7 har fått påvist covid-19. Ordføraren fortel at ho har fått tilbakemelding på at mange har tatt buss utan munnbind.

Oppmodinga hennar er klokkeklar.

– Eg veit dette er krevjande for mange, men vi er nøydde til å ta tak no og gjere ein innsats for å avgrense smitteutbrotet vi ser på Askøy. Eg håpar innbyggjarane forstår at dette ein alvorleg situasjon. Vi forventar fleire positive testar i løpet av dei neste dagane, seier Høgtun som legg til at ho har tillit til at folk i karantene held seg heime.

– Ein må ha på ein liten handbrekk

Sæterstøl Olsen hadde ikkje hatt tett kontakt med den som har fått påvist smitte. Likevel vel ho å vere forsiktig,

– Det viktigaste for meg er at vi prøvar å gjere det så sikkert som mogleg for alle saman, seier ho.

– Eg har astma, og så har vi ei dotter med downs syndrom som også er i risikogruppa. Vi tek dermed omsyn så langt det lar seg gjere, fortel ho.

Sæterstøl Olsen kan ikkje svare for andre ein seg sjølv.

– Eg skjønnar at folk vil ha kvardagen tilbake, og at dette skapar kjempestore problem. For gjennomsnittsmenneske skapar dette trasige situasjonar, men samtidig er det slik verda er og vi må ta det på alvor om vi skal greie å stoppe det. Det kostar, men slik er det, slår ho fast.

Ho meiner folk må spørje seg sjølve kva ein faktisk må.

– Ein må ha på ein liten handbrekk, seier ho.

Set festen på vent

I helga hadde familien planlagd konfirmasjon for den eldste sonen hennar. Ho fortel at situasjonen først opplevde som urettferdig.

– Ein går litt i kjellaren, og kanskje litt forbi også. Det kan kjennast kjipt, seier ho.

Men dei tankane vart ho fort kvitt.

– Når ein får tenkt litt må ein snu seg om. Vi måtte setje oss ned å finne ut kva vi skulle gjere. No har vi saman bestemt at han skal gjennomføre seremonien.

Han kan ha seks gjestar med seg i kyrkja.

– To tvillingsøstrer, far, farmor og farfar får vere med. Og så håpar eg at gudstenesta blir strøyma slik at mor også får sjå, smiler ho.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.09.2020
775
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde