– Det er veldig spennande, du veit aldri kva du må ut på, seier Jun Hillestad Jacobsen i Sogn brann og redning.
20-åringen er ei av få kvinner i brannvesenet i Sogn, men også i landet elles.
I haustens studentkull ved politihøgskulen var 6 av 10 kvinner.
Men tal frå 2020 synte at det berre var 5,5 prosent kvinner i brann og redningsvesenet, ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Jacobsen blei kjent med yrket gjennom faren, som også er i brannvesenet. Ho har trent med han på brannstasjonen og fått sjå kva jobben går ut på.
– Det gav meg interesse, seier ho.
No håpar Sogn brann og redning at fleire kvinner skal få vekt denne interessa.
Brannstasjonane i Vik, Balestrand, Sogndal og Gaupne er nemleg i gang med ein rekrutteringsprosess. Då vil dei legge vekt på at dei ønskjer å få med fleire kvinner
– Kvinner må kanskje ha litt meir tiltru til seg sjølv. Når dei kjem i aksjon viser det seg at dei er like tøffe som menn, seier varabrannsjef Olav Mørch.
Må vise korleis det er
Med 5,5 prosent kvinner i brann- og redningsvesenet i 2020 var det ein auke på eit halvt prosentpoeng frå 2019.
– Det er hyggjeleg at tendensen er stigande, men tala er framleis altfor låge. Vi må jobbe for å få dei opp, seier Lill-Marit Overvik.
Ho er både styreleiar i Nettverk for kvinner i brann og redning i Noreg, brannkonstabel og 110-operatør.
Overvik trur forklaringa på den låge kvinnedelen er samansett. Noko kan handle om tradisjon og kultur, trur ho.
– Dels er det kanskje ikkje gjort så mykje med rekrutteringsprosessane eller at ein på eit nasjonalt nivå har prøvd å auke kvinne-delen.
VIKTIG MED MANGFALD: Brannvesenet bør rekruttere frå heile befolkninga, seier Lill-Marit Overvik i Nettverk for kvinner i brann og redning.
Foto: Trøndelag brann-og redningstjenesteViktig med mangfald
Overvik meiner det er viktig med eit generelt mangfald og at brannvesenet rekrutterer frå heile befolkninga.
– Mangfaldet må vere ønskt på eit leiarnivå. Frå leiarsjiktet og nedover er det viktig å promotere brann- og redningstenesta som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn.
Jun Hillestad Jacobsen trur det er viktig å få vist fram korleis kvardagen er for jenter i brannvesenet.
– Ein må kanskje vise at det også jobbar kvinner i brannvesenet og at dei også klarer det. Det kan hjelpe å bryte ned stereotypiar, seier kollega Jeanette Pedersen (23).
Må «gønne på»
I Sogn brann og redning håpar varabrannsjefen no på å fleire kvinner inn i brannkorpset.
– Når vi no har rekruttert tre kvinner inn i korpset ser vi at det har ein effekt på trivselsfaktoren. Og kvinner er dyktige, engasjerte, opptekne av å lære og løyse eit samfunnsoppdrag som er viktig, seier Olav Mørch.
Jeanette Pedersen trur det handlar mykje om å våge hive seg ut i noko nytt.
– Det er berre å «gønne på», som i alle andre jobbar. Du veit kanskje ikkje kva du går til, men det er berre å prøve.