Hopp til innhold

Dei fleste hjartestartarar er «usynlege» for ambulansen

Det kan vere så mange som 60.000 hjertestartarar i Noreg, men ingen har oversikt over kor dei er.

Hjertestarter

MØRKETAL: I kartet til naudsentralen er det registrert 6200 hjartestartarar. I røynda kan det vere ti gongar så mange.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Det nyttar ikkje at det står hjertestartarar rundt omkring om ingen veit kor dei er, seier Jon Olav Kvamme.

Han er bonde i den lange, smale Oldedalen – førti minutt frå kommunesenteret Stryn.

Om sommaren kryr det av turistar her, og om ulukka er ute er vegen lang og kronglete for ambulansetenesta.

Då er det i staden Kvamme som kjem ilande til, som del av eit lokalt akutt-team av frivillige.

– Det kan vere ein sjokkoppleving for dei som kjem opp i det, seier han.

I 2019 vart 34 personar gjenoppliva ved hjelp av hjertestartar – før ambulansen kom fram.

Hjartestartaren til akutt-teamet i Oldedalen ligg i det offentlege registeret for hjartestartarar. Men det er det berre dei færraste som gjer.

I røynda kan det vere ti gongar så mange som dei 6200 hjartestartarane som er registrerte.

KRONGLETE VEG: Om sommaren kryr det av turistar i Oldedalen, og om ulukka er ute er vegen lang og kronglete for ambulansetenesta.

Hjertestartaren vert hengande på veggen

– Vi trur at det i alle fall er 60.000 hjartestartarar der ute, seier Siw Lilly Osmundsen i Nakos som drifter registeret.

Det offentlege registeret vart lansert 3. april 2017 av helseminister Bent Høie, men er fullt av «hol».

Osmundsen trur forklaringa er at mange ikkje har høyrt om registeret, og dels at mange trur «jobben er gjort» i det augneblinken dei skaffar ein hjartestartar.

– Å ha ein hjartestartar krev ein porsjon idealisme og at du tek deg sjølv i nakken, seier ho.

Ho oppmodar folk til å spreie ordet og vere «medvitne eigarar» av hjartestartarar.

– Sjå til at han har det bra, og gi beskjed til registeret. To gongar i året.

Alternativet er at han er mykje mindre verdt, seier ho:

– Det kan skje ein hjartestans på gata utanfor, men startaren vert hengande på veggen fordi ingen andre enn eigaren veit om han.

I tillegg er ytterlegare 8200 startarar oppført som «utilgjengelege» fordi eigarane ikkje har oppdatert dei i registeret. Det må gjerast to gangar i året.

Dei registrerte hjartestartarane er også synlege i appen Hjelp113.

Registrerte hjertestartere i Norge

UFULLSTENDIG: I kartet til naudsentralen er det registrert 6200 hjartestartarar. I røynda kan det vere ti gongar så mange.

Grafikk: Skjermdump fra 113.no/hjertestarterregisteret/

Mikael (14) vart redda av ein hjartestartar

Ifølge Europeisk Gjenopplivingsråd (ERC) er sjansen for å overleve hjartestans opptil 70 prosent om ein hjertestartar er på plass innan tre til fem minutt.

Kvart år vert 3000–4000 menneske ramma av uventa og plutseleg hjartestans utanfor sjukehus i Noreg.

Helseministeren starta i 2017 «ein dugnad» for å redde 200 fleire menneske i året som får hjartestans.

I fjor fortalde NRK historia om Mikael på fjorten år som vart redda av ein hjertestartar og handlekraftige vener.

Hjartestartaren gjer ein analyse og avgjør om eit støyt er nødvendig. Om det krevjast elektrisk støyt, vil hjertestartaren instruere brukaren til å trykke på ein knapp.

Brukaren trenger berre å slå på eininga, feste elektrodane korrekt på brystet til pasienten og hjertestartaren vil analysere hjarterytmen og gi instruksjon om kva som skal gjerast.

Dag Sætren, leiar i Eid Røde Kors ved ein av hjertestarterane i Eid sentrum.

UREGISTRERT: Dag Sætren ved ein av hjertestartarane i Eid sentrum som ikkje låg inne i det offentlege hjartestartarregisteret

Foto: Dag Sætren

– Det handlar om liv og død

– På Nordfjordeid var det berre fire hjertestartarar i registeret, seier Dag Sætren, leiar i Eid Røde Kors.

Han vart oppmerksam på mørketala då han sjekka kartet og såg openberre manglar.

Skjult rundt om i kommunen dukka ytterlegare 10 hjartestartarar opp då dei gjekk frå dør til dør, så å seie.

Avisa Fjordabladet skreiv først om saka.

Sætren oppmodar folk til å registrere startarane sine:

– Det finst mange hjertestartarar, men når dei verkeleg trengst er det ikkje sikkert at dei er haldne ved like og tilgjengelege. Dette handlar om liv og død.

LES OGSÅ: Kim Hedlund Vagstad (28) vart båre inn på kjølerommet etter hjartestans.

1/12 Hvem ringer du?

113-2020 Trine Lynghaug og Christine Rebekka Eriksen
Foto: Bernt Olsen / NRK

Vi starter mykt. Hvilket nødnummer skal du ringe om det gjelder medisinske akutte hendelser?

2/12 Hva må du sjekke først?

Førstehjelp
Foto: Illustrasjonsfoto

Du har sikret skadestedet, og er den første som kommer til en person. Hva gjør du?

3/12 Hvordan gjør du det?

HLR
Foto: Petter Strøm / NRK

Fri luftvei er det viktigste for at personen ikke skal bli kvalt. Sett at vedkommende du hjelper ikke er i stand til å holde luftveien åpen selv. Hvordan kan du gjøre det?

4/12 Sjekk for normal pust

Førstehjelp
Foto: NRK

Når du har sikret fri luftvei, må du sjekke om personen puster normalt. Hvor lenge bør du lytte?

5/12 Han eller hun puster ikke

Hjertekompresjon
Foto: Colourbox

Personen du prøver å få kontakt med puster ikke, og du har ringt 113. Hva gjør du mens du venter på ambulansen?

6/12 Hvordan var det igjen..

Munn til munn
Foto: Colourbox

Alle vet at man skal gi brystkompresjoner og innblåsninger. Men hvor mange var det igjen?

7/12 I mens du venter på ambulansen..

Hjertestarter Dyreparken
Foto: Lars Hægeland / NRK

Dersom noen utfører hjerte- og lungeredning, kan andre hente hjertestarter. Kan hvem som helst bruke denne?

8/12 Diffuse plager kan også være akutt

Christine Rebekka Eriksen og Trine Lynghaug i sesong 2 av 113.
Foto: Marius Fiskum / NRK

Det er ikke bare bevisstløshet og akutte ulykker som du bør ringe 113 for. Hjerneslag og hjerteinnfarkt er to av flere akutte hendelser man må være obs på. Hva er symptomer på hjerneslag?

9/12 Hjertet er sårbart

Malin Steinsvik og Morten Sandberg jobber som ambulansearbeidere på Skjervøy og er noen av de vi møter i andre sesong av «113». 
Foto: Marius Fiskum / NRK

En god huskeregel er at om du tror det er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe 113. Hvilke symptomer kjennetegnes ved hjerteinfarkt?

10/12 Brannskader

brannskadet av ståbrett
Foto: SVT

En brannskade er ikke alltid synlig umiddelbart, og smerten kan komme etter hvert. Skaden blir raskt verre, så det haster å gi behandling. Hva gjør du først?

11/12 Og så var det førstehjelpsskrinet..

Førstehjelpsutstyr kan vere lurt å ta med i sekken når ein skal på fjelltur
Foto: Oddleif Løset / NRK

Alle bør ha førstehjelpsutstyr tilgjengelig. Du vet ikke når uhellet kan skje, og det anbefales at du har utstyr både hjemme, i bilen og på hytta. Finn en feil i denne listen av utstyr.

12/12 Hvis ulykken først er ute, og du er midt i den..

Slik ser "Hjelp 113"-appen ut
Foto: Stiftelsen Norsk Luftambulanse

Den omtales som «din viktigste app», og sender posisjonen din om ulykken er ute. Hva heter den?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.