Hopp til innhold

Berre desse buset mindreårige flyktningar

Flora, Eid, Gloppen og Førde kommune er dei einaste kommunane i fylket som finn heimar til flyktningar under 18 år.

Kommunar i Sogn og Fjordane som buset einslege mindreårige flyktningar

– Eg trur at mange kommunar overvurderer arbeidsmengda. Det er gode statlege rekvisisjonsordningar, som eg er uviss på om dei andre kommunane har sett seg inn i, seier Bjarte Gangeskar, leiar i Barnevernstenesta i Eid kommune.

Bjarte Gangeskar i Eid kommune

TA I MOT: Bjarte Gangeskar, som leiar barnevernstenesta i Eid, meiner kommunane ikkje må vere redde for å ta i mot mindreårige flyktningar.

Foto: Jan Kåre Fure

I Sogn og Fjordane er det berre kommunane Eid, Flora, og Gloppen som til no har busett einslege mindreårige flyktningar.

Nytt er at Førde, som ikkje har busett denne gruppa tidlegare, skal busetje tre flyktningar under 14 år i løpet av 2015, og seinare tre til.

Barne-, ungdoms- og familieetaten region vest, som består av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, skal i løpet av 2015 ha 27 heimar klare for flyktningbarn. Men talet er ikkje endeleg, og kan enno auke.

Ressurskrevjande

Eid kommune har sidan 2009 busett 18, og i 2016 og 2017 har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) bedt kommunen om å busetje ti og 16 flyktningar mellom 15 og 18 år.

Gangeskar meiner det er enklare å integrere unge, enn å integrere til dømes einslege menn på 35 år.

– Bemanningsmessig er det krevjande å ta i mot einslege flyktningar mellom 15 og 18 år, men ungdomane i seg sjølv er ikkje meir krevjande enn norske ungdomar, seier han.

Å busetje ein einsleg mindreårig flyktning krev mellom anna heildagsskule, leksehjelp, eit kvelds- og ettermiddagstilbod og ein verje. Det krev langt fleire tilsette enn å busetje ein einsleg vaksen.

– Bør få ut fingeren

– Alle kommunar i Sogn og Fjordane kan gjere det, det er ikkje ei umogeleg oppgåve, men kommunane må ta eit politisk standpunkt, seier Bente Nygård, informasjonsansvarleg ved innvandrarsenteret i Flora kommune.

Bente Nygård

Informasjonsansvarleg på Innvandrarsenteret i Flora kommune, Bente Nygård meiner ikkje at det er umogeleg for dei andre kommunane å ta imot mindreårige flyktningar.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

I Florø har ein i år busett åtte, og skal i dei neste to åra busetje 17 og 27 einslege mindreårige flyktningar.

– Vi syns ikkje at resten av fylket kan halde fram med å seie at dei ikkje har nok folk, hus, og ditt og datt, seier Nygård.

Ho syns kommunane i Sogn og Fjordane som ønsker folkevekst, bør få ut fingeren. Dette er ein måte å få opp innbyggjartalet.