Hopp til innhold

Har opplevd å bli undervurdert av gutar

Berre 6 prosent av dei organiserte sjakkspelarane her til lands er kvinner. Men TV-serien Queen's Gambit inspirerer fleire til å prøve.

Ariza kurser unge jenter i sjakk

STAS: Praten går lett over sjakkbretta i Bergen.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Ariza Hina opplever framleis å bli undervurdert av gutar i sjakkmiljøet. No ber ho jentene ta kampen på sjakkbrettet.

– Ein motspelar hadde fem-seks vener som kviskra at han måtte vinne lett mot ei jente, seier Ariza Hina.

16-åringen har alt gjort seg merka i sjakkmiljøet, både som kurshaldar og som ekspertkommentator på TV.

Då ho starta var ho den einaste jenta som spelte sjakk i miljøet der ho bur.

Fleire gonger har ho opplevd at gutar undervurderer ho, fordi ho er jente. No held ho eigne sjakk-kurs for jenter, for å få fleire med seg.

Hina fortel at den mannlege motstandaren vart raudare og raudare i andletet for kvart trekk ho tok.

– Etter 20 trekk inn i partiet sto eg eit tårn over, hadde eit kjempeangrep, og knuste han, seier Ariza Hima.

– Stas å sjå gutane bli heilt stille

No arbeider ho for å få fleire jenter til å spele sjakk gjennom eigne jentekurs.

I ein liten kjellar i Bergen sentrum er fleire samla. Her blir det diskutert strategiar, og kva som kan vere smarte trekk på spelebrettet.

Ariza tenker på neste trekk

ANALYSE: På kurset får deltakarane råd om korleis ein skal legge strategien.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Sjakk blir meir og meir populært. Den fyrste bølgja her til lands kom då Magnus Carlsen slo gjennom som verdas beste sjakkspelar.

No er det den populære TV-serien Queen's Gambit som lokkar stadig fleire til sjakkbrettet, der ei sjakk-spelande kvinne har hovudrolla.

– Det er den beste delen med sjakk som jente, å sjå at gutar verte heilt stille fordi du knuser dei, ler ho.

Maia Sognefest er blant kvinnene i alle aldrar som deltek. Dei sit på rad og rekke ved kvart bord. Alle spelar mot Ariza, dei fleste taper, men ei av dei klarer ein remis (uavgjort).

– Dette er veldig kjekt. Det er mykje tryggare når ikkje dei «skumle gutane» er her, ler ho.

Ariza utfordra jentene i sjakk

GOD DELTAKING: Eigne kurs for jenter er eit populært tiltak.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Vil ha med fleire jenter

I Noregs sjakkforbund er kvinneandelen berre 6 prosent av dei rundt 4000 medlemane, ifølgje generalsekretær i forbundet, Eirik Natlandsmyr.

– Vi er nok blant dei dårlegaste på kjønnsbalanse, seier han.

Han ynskjer å få med fleire kvinner.

– Viss ikkje så har vi mislukkast.

Også Ariza Hana ynskjer å gjere noko med situasjonen. I fleire år har 16-åringen halde kurs for born og vaksne av begge kjønn, men no også kurs berre for kvinner.

– Mange av jentene fortset etter kurset, fortel Hana.

Ein av deltakarane er Ivy Lee Skanke. Ho trur at litt av presset forsvinn når det berre er jenter på eit kurs.

– Etter Queen’s Gambit er det veldig mange fleire som har hatt lyst til å prøve sjakk. Det pushar oss til å prøve det neste steget, seier Skanke.

Ivy Lee Skanke er kursdeltaker på sjakkurset.

NØGD: Ivy Lee Skanke deltok på jentekurset.

Foto: Gerd Johanne Braadland