Hopp til innhold

Langt mellom elbilane i norske storbyar

Fem av dei største norske bykommunane har til saman berre 57 elbilar.

Elbil Bergen kommune

VIL SPARE MILJØET: Bergen kommune får denne veka 15 nye elbilar til heimetenesta i kommunen.

Foto: Karina Asbjørnsen / NRK

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at det er langt mellom elbilane i norske storbykommunar. Totalt har Bergen, Oslo, Tromsø, Stavanger og Trondheim berre 57 elbilar i sine bilparkar.

– Vi er nøydde å gjere noko med forureininga. I 2012 kan ein elbil konkurrere både pris- og kvalitetsmessig med tradisjonelle bensin- og dieselbilar. Det er ingen grunn til å la vere lenger, seier rådgjevar i Grønn Bil, Gabriel Wergeland.

Sjølv om talet i dag er lågt, har fleire av kommunane har planar om å byte ut bensin- og dieselbilar med fleire elbilar.

– Kan bytast ut

I Norge er det rundt 10.000 kommunale bilar. Ei undersøking gjort av Grønn bil viser at 6000 av desse kunne bli bytta ut med ein elbil, og vore like effektive.

– Fordelane ved elbil er gratis parkering, sterkt redusert vegavgift og at dei ikkje forbrukar bensin eller diesel. At kommunane tar tak gjer også ei god signaleffekt i forhold til resten av innbyggjarane, meiner Wergeland.

Grønn Bil er eit prosjekt som arbeider for 200.000 elbilar og ladbare hybridbilar på norske vegar i 2020. Energi Norge, Transnova, Kommunenes Sentralforbund og ZERO står bak prosjektet.

Tal på elbilar

Kommune

Tal på elbilar

Oslo

12

Bergen

1

Tromsø

13

Stavanger

0

Trondheim

31

Tabellen viser kor mange elbilar som fins i storbykommunane NRK har undersøkt.

Har elbilplanar

Ein av kommunane som no satsar er Bergen. Innan 1. april vil heimetenesta i kommunen få 16 elbilar i drift. Dei har også ein avtale som opnar for kjøp av endå 45 elbilar i løpet av 2012.

– Dette er noko vi har arbeidd for i fleire år. Vi er veldig stolte over å ha fått det til, seier direktør i heimetenesta Kari Batt Iversen.

Bilane skal brukast i Bergen sentrum. Området har store problem med dårleg luftkvalitet.

– For oss har det vore viktig at desse bilane skal gå i dei områda som er mest traffikerte, seier Batt Iversen.

Endre Tvinnereim frå Byluftslista meiner det er eit skritt i riktig retning, trass i at dei nye elbilane berre vil utgjere ein liten del av den totale bilparken.

– Eg håpar så klart at kommunen går over til å berre ha elbilar på sikt, seier Tvinnereim.

ELBIL Trondheim

FØREGANGSBY: Ordførar Rita Ottervik og Trondheim kommune var tidleg ute med å satse på elbil. Dei har i dag 31 elbilar i bilparken.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Oslo satsar på nullutslepp

Mest ambisiøse er likevel Oslo kommune, som har ei målsetning om nullutslepp innan 2015. Der var det berre tolv elbilar i bilparken hausten 2011, men heile 102 hybridbilar.

– Fleire har, eller har planar om, å skaffe seg fleire elbilar i bilparken sin. Trondheim har vore ei føregangskommune, og Moss kommune har også gjort ei solid oppgradering av sin bilpark. Det synest vi er svært positivt, fortel rådgjevar Gabriel Wergeland.

Stavanger har ein hybridbil i drift, men ingen elbilar. Der er planar om å få fleire gass-, hybrid- og elbilar inn i bilparken. Det er førebels ingen planar om utviding av elbilparken i Tromsø kommune.