Hopp til innhold

Berre 370 bedrifter har teikna fastpriskontrakt på straum

Opposisjonen kallar fastprisavtalane «eit gedige mageplask», men bedrifter som har teikna kontrakt skryter av ordninga.

Aarbakke AS

FØRST UTE: Aarbakke AS, som produserer delar til olje- og gassindustrien, teikna fastpriskontrakt alt i desember, og var med det blant dei første i landet.

Foto: Aarbakke AS

Nærings- og fiskeridepartementet har vore i kontakt med straumleverandørane som leverer fastpriskontraktar til næringslivet for å avklare kor stor appetitten på ordninga er.

Svaret er at det totalt er selt 370 fastprisavtalar.

Fastprisavtalane vart lanserte i byrjinga av desember då straumprisane gjorde det prekært å yte støtte til bedrifter som ønskte meir føreseielege straumutgifter.

Sidan har kontraktane fått kjeft og vorte skulda for å vere «dyre», «for få» og «stivbeinte».

I januar kalla næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) Statkraft-leiinga inn til møte der han «skjerpa tonen» og uttrykte at han «forventar at dei opptrer offensivt i konkurransen om fastpriskundane».

Les også Regjeringa med marsjordre til Statkraft

Rånåsfoss kraftverk, eid av Akershus Energi.

Bakom marsjordren frå statsråden om å vere «meir på ballen» song ein januar-oversikt i avisa Europower.

Ho viste at berre 127 norske bedrifter hadde takka ja til næringsministerens «straumfiasko».

Tre månader seinare er talet altså oppe i 370.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

– Eit tydeleg teikn på at fastprisavtalane ikkje er gode nok

Dette viser at fastprisavtalane er eit gedige mageplask, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Han meiner avtalane ikkje er godt nok tilpassa næringslivet.

Dette viser at ein ny runde med tilskot til ENØK og gode investeringar i ny fornybar energi ville vore rett, legg han til.

Stortingsrepresentant for Frp, Marius A. Nilsen, les 370-talet som «eit tydeleg teikn på at fastprisavtalane ikkje er gode nok».

Skyhøge straumprisar har dessverre vorte norma med denne regjeringa, og fastprisavtalane som skulle løyse alt, fungerer ikkje godt nok, seier han.

Ropstad trekker seg som partileder og statsråd

– Dette viser at fastprisavtalane er eit gedige mageplask, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Annika Byrde / NTB

I eit skriftleg svar til stortingsrepresentanten skriv Næringsminister Vestre at han har «inntrykk av at det er stor interesse for dei nye fastprisavtalane», og at «vi» skal vere «varsame med å evaluere» ordninga på noverande tidspunkt.

Av konteksten er det ikkje omgåande klart kven som er «vi» i setninga.

Ap-statsråden legg til at det «ikkje er eit mål i seg sjølv» at flest mogleg bedrifter skal inngå fastprisavtalar, men at det er «heilt naturleg» at bedriftene nøye vurderer oppsider og nedsider før dei eventuelt teiknar kontrakt.

Marknaden er i ei positiv utvikling, og vi må gi det tid for å modnast og vidareutviklast før vi evaluerer tiltaket, skriv han.

Næringsminister og landbruks- og matminister møte med aktører i dagligvarebransjen om prisøkninger på matvarer.

Næringsminister Vestre seier at han har «inntrykk av at det er stor interesse for dei nye fastprisavtalane».

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Fastpriskontraktane har fått eit ufortent dårleg rykte

Basert på dei tilbakemeldingane vi får, treffer avtalane langt frå behova til alle bedrifter. Det viser også desse tala, seier sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum.

Han legg til at fastprisavtalar «på sikt kan bli eit viktig verkemiddel for bedriftene til å få meir føreseielegheit rundt straumkostnader».

Det er derfor positivt at regjeringa har teke initiativ for å leggje til rette for at bedriftene skal få eit betre tilbod.

Statkraft tilbyr ikkje fastpriskontraktar direkte, men sel dei via straumselskapa Fjordkraft og Fortum.

I tillegg vert fastprisavtalar tilbydt av Lyse, Hafslund og Å Energi (Entelios).

Ane Marte Hausken, administrerande direktør i Lyse Energi, seier til NRK at fastpriskontraktane har fått eit «ufortent dårleg rykte» og at det har vore ein tendens til å «overproblematisere element i ordninga».

Det gjer at mange har halde igjen.

Ho legg til at fastpriskontraktar tradisjonelt har vore for få utvalde bedrifter (kraftkrevjande industri) og at dei for mange norske bedriftseigarar inneber ein ny praksis som det ikkje har vore kultur for.

Vår konklusjon er at dette er ei ordning som må få tid til å modne. No er det teikn til at prisane kan vere på veg opp igjen. Bodskapen vår er at dette kan vere eit rett tidspunkt for fleire bedrifter å teikne kontraktar, seier ho.

Strøm-app Lyse

Ane Marte Hausken, administrerande direktør i Lyse Energi, seier til NRK at fastpriskontraktane har fått eit «ufortent dårleg rykte».

Sparer 200.000 kroner i månaden på ordninga

Inge Brigt Aarbakke er dagleg leiar av Aarbakke AS, som produserer delar til olje- og gassindustrien.

Han teikna fastpriskontrakt alt i desember, og var med det blant dei første i landet. Straumrekninga var då på 1,5 millionar i månaden.

For oss passa det veldig godt med fastpris, og eg er veldig fornøgd med det, seier han til NRK.

Han har rekna ut at han sparer 200.000 kroner i månaden på ordninga.

For meg er dette ei forsikring som gir føreseielegheit og lågare straumutgifter. Så får andre vurdere kva som er best for dei.

Les også Fleire bedrifter vil ha fastpris på straum

Kviknes hotel