Hopp til innhold

Berre 16 av 29 får flytte heim

Medan 16 personar får flytte tilbake til heimane sine på Rogdo, må familiane frå Skjelvik framleis vente på beskjed om at det er trygt å dra heim.

Ras Rogdo

FÅR FLYTTE HEIM: Her på Rogdo kunne folk flytte heim igjen etter rasa 2. juledag. Andre stadar er det enno utrygt.

Foto: Arvid Aga

Ein geolog har inspisert rasområda i Hardanger tysdag ettermiddag.

Berre 16 av dei tilsaman 29 personane fekk flytte heim tysdag. For dei 13 evakuerte frå Skjelvik er det for farleg.

Les: Dramatisk evakuering i Hardanger

– Me har gitt beskjed til dei som vart evakuerte frå Rogdo at det no er trygt å flytte heim igjen. Men på austsida av Sørfjorden, på Skjelvik, er det framleis utrygt. Geologen har anbefalt at dei som er evakuerte skal halde seg vekke, fortel lensmann i Hardanger, Øyvind Rosseland.

– Overnatta i huset etter raset

Olav Skjeldås stod i vegen nedanfor huset då det første raset kom. Han sprang opp i huset, der sambuaren og borna på sju og ti år var.

– Så kom det andre raset, det skikkelige raset. Det var heilt grusomt. Det rista og brasa liksom i grunnvollane av huset. Eg har aldri vore så redd, fortel Skjeldås.

Raset gjekk 25 meter frå huset hans. Vegen forsvann. Han hadde kontakt med politi og brannmenn, men det var ingen stad å evakuere til. Familien blei verande i huset over natta, til politiet kunne ta dei med over raset tysdag morgon.

– Eg sat vaken heile natta og fulgte med på regnet og på temperaturen. Det vart betre ut over natta, då temperaturen sank. Vi måtte berre bli og tenke at det var trygt.

Sjå bileta frå rasa i Hardanger:

– Vil ikkje attende

No har familien fått med seg nokre bager med klede og bur på hotell medan dei ventar på at geologane skal gje klarsignalet. Men Skjeldås er ikkje sikker på om familien tør å flytte heim igjen.

– Det er ikkje første gong det går ras i området, og eg er redd det vil skje igjen. Vi må tenke på det, for i dag er ikkje dagen å ta slike avgjersler på, men slik det ser ut no vil vi vekk derfrå. Det som hende måndag, skal ikkje få hende igjen.

På hotellet føler dei seg trygge, og der vil dei bli til alt får roa seg. Olav Skjeldås seier to familiar valgte å bli verande i husa sine i dalen, då dei andre evakuerte.

– Framleis rasfare i Skjelvik

Geolog Harald Hauso seier ingenting blir gjort på Skjelvik før ein har fått renska rasområdet.

– I dette området er det så usikkert at me må ha inn eit renskelag før me i det heile teke kan vurdere å byrje å rydde på vegen.

Kor lang tid dette vil ta er, ifylgje geologen, umogleg å seie.

– Det er veldig avhengig av veret. Det er mykje som må ryddast for det ser ut som eit katastrofeområde, seier Hauso.

13 evakuerte personar må feire romjula heimefrå. Somme bur på hotell, medan andre har tatt inn med familie i nærleiken.

– Dette området ligg akkurat på grensa mellom Ullensvang og Odda, så ansvaret for dei evakuerte er delt mellom kommunane. Nokon bur med vener og kjende, medan andre har teke inn på hotell, seier Rosseland.

Les òg: